Kortversjonen av svaret er som fylgjer : Vi veit ikkje sikkert kva ordet «jul» tyder.

Men ordet er gamalt, og vi finn ulike variantar av ordet på mange språk :

  • I Noreg seier ein jul eller jol.
  • I  Sverige og Danmark seier ein jul.
  • I Island og på Færøyane seier ein jol.
  • I Finland seier ein joulu og i Estland seier ein joulud.
  • Ei gamalt engelsk namn på denne tida er yuletide, men sjølve julehøgtida her har eit anna namn – christmas.

Rota til alle desse variantane skal vere det gamalgermanske ordet «ylir». Det er mogleg at ordet opphavleg har vore nytta om midtvintersmarkeringa som ein veit var eit viktig vedlikehaldsrite i førkristen tid.

Nokre meiner det er namnet på midtvintersblotet som vart halde til ære for gudane, og peiker mellom anna på at eitt av Odin sine namn er Jolni, som skal tyde «Julens herre».

Andre meiner at ylir er namnet på ein av vintermånadane. Ein teori er at ordet kan kome av ordet «ule» – at dette var tida då vinterstormane herja som verst og ulte rundt novene. I ei tid som var langt meir prega av vinterkulden enn vi opplever no, er det ikkje vanskeleg å forestille seg at dei kalde vindane var noko ein merka ekstra godt, både innomhus og ute.

Men alt dette er usikkert. Det som derimot er sikkert, er at ein akkurat på denne tida kvart år har markert vintersolsnu. Og det har ein gjort lenge før kristendomen gjorde sitt inntog i landet vårt.

For mange er jula ei kristen høgtid. For stadig fleire har ho eit anna innhald. Det treng ikkje vere problematisk, så lenge kvar av oss kan leve med at andre kan ha eit heilt anna syn på innhaldet i jula enn det vi sjølve har.

Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.

01. desember – Kva tyder ordet «jul»?