Kortversjonen av svaret mitt på det spørsmålet er slik : Alle og ingen «eig» jula. Jula er stor nok til at alle som vil, kan gjere ho til si. Og det bør dei gjere. Men det er lov å dele med andre……

Utsnitt av Carl Larssons "Julafton".
Utsnitt av Carl Larssons «Julafton».

Ein gong høyrde eg ei radiokosør som snakka om jula i Noreg som «tida der vi feirar dei små fellesskapa» – familiane våre – medan 17. mai er «tida der vi feirar det store fellesskapet vårt» – storsamfunnet. Det er noko eg kan kjenne meg att i. I jula skal vi gjerne «heim». Ofte tyder dette til barndomsheimen, og ikkje staden der vi til vanleg bur. Vi samlar familien rundt oss, og vi synest det er viktig at alle i familien har ein stad å vere saman med andre i jula.

Tilsvarande sårt er det for dei som opplever jula som ei bekrefting av at dei ikkje har nokon å dele ein fellesskap med.

Dyrking av fellesskapen vi er ( eller i det minste har vore ) ein del av, kjem også til syne gjennom maten vi vel å ete, og på ulike andre måtar. Vi gjer slik vi «alltid» har gjort, og kaller dette «våre juletradisjonar». Desse tradisjonane skil seg sopass sterkt frå kvardagslaget at juledagane vert meir lik juledagar frå tidlegare år enn dei liknar dagane før og etter jul. På denne måten vert jula eit samlingspunkt langs to aksar : Ein akse knytt til samanhengane vi står i  nett no, og ein akse knytt til samanhengane til vår fortid og bakgrunn.

Så ser vi dessverre at denne fellesskapsdyrkinga kan ha den ulempen at nye skilje vert skapt. Det kan skje når folk opplever at den jula dei sjølve har gjort til si, vert framstilt som «ikkje den rette». Døme på slike skiljer kan vere knytt til ulike syn på kristendommen sin plass i den offentlege julemarkeringa.

Dette er ikkje staden til å fronte sterke synspunkt i den debatten. Men eg vil fortelje om ein mann eg kjente, han var muslim og kom frå Kososvo. Då eg ein gong spurde han korleis han opplevde den kristne julefeiringa der han kom frå, sa han : «I julen går vi til våre kristne naboer og feirer jul sammen med dem. Og så kommer de og besøker oss når vi feirer våre høytider.»

Kan hende burde vi alle vore flinkare til å opptre som gjestar i kvarandre sine hus.

Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.

02. desember – Kven eig jula?