Saturnalia og Frøys leik – kva har dei med jula å gjere ? Kan hende ingen ting, kan hende ein heil del. Personleg trur eg mest på det siste…

Saturnalia var ein gamal romersk fest til ære for guden Saturn. Han vart halden om hausten, etter at haustsåinga var unnagjort. Festen er skildra som ei hyggeleg tid for alle, både høg og lav. Folk ga kvarandre gåver. Tenarar og slavar fekk det litt mindre strevsamt enn elles. Forbrytarar vart benåda, og ein starta ikkje krigar når det var saturnalia. Ein interessant artikkel om dette kan ein finne ved å peike og klikke her.

Hovud av guden Mithra, funne i Sindelfingen, Tyskland. (C) Wikipedia
Hovud av guden Mithra, funne i Sindelfingen, Tyskland. (C) Wikipedia

Artikkelen fortel også om ein annan fest, dies natalis solis invicti, som vart feira i romarriket til ære for fødselen til den uovervinnelege solguden. Dette var ein fest med opphav i Mithra-kulten, som var ein religion med opphav i Persia. 25. desember var rekna som fødselsagen til Mithra, og på mange måtar har denne festen eit innhald som minnar om innhaldet i den kristne juleforteljinga.

Det kan sjå ut som om dei to romerske festane meir eller mindre flaut saman til ein, og at kristendomen tilpassa seg dei desse eldre tradisjonane ved å knyte dei til forteljinga om Jesu fødsel, og på den måten gi dei eit nytt innhald. Og eg synest dei som i si tid valde å markere Jesu fødsel på denne måten, gjorde eit klokt og pedagogisk val av tidspunkt. Julefeiringa kjem på den mørkaste tida av året , akkurat på dei tider då ein kan begynne å sjå fram til at det går mot lysare tider.

Etter kvart som kristendomen vart meir og meir utbreidd nordover i Europa, vart dei kristne juletradisjonane smelta saman med dei eldre midtvintersmarkeringane ein hadde der, som midtvintersblotet på våre trakter. I diktet «Haraldskvadet» skriv skalden Torbjørn Horklove: ”Ute [på havet] vil han [kongen] drikke jul.. og ta opp Freys lek”.

Juleleik Teikna av Arthur Rackham, 1867 - 1939
Juleleik
Teikna av Arthur Rackham,
1867 – 1939

Kva Frøys leik var, veit ingen sikkert. Men Frøy var ein fruktbarheitsgud, og gud for vær og årsvekst, velstand, lukke og fred. Med tanke på det, er det kanskje ikkje så urimeleg å tenkje seg at Frøys leik kunne ha noko med fruktbarheit å gjere. Kan hende Piet Hein ikkje var så fjernt frå å skildre Frøys leik då han skreiv

Legen – lille fabel :

Da Gud ville opfinde noget som ikke
var spil eller sport eller mad eller drikke
og dog var en verden av legende hvile,
hvori vore sind kunne smelte og smile,
da delte han men’sket i kvinden og manden
og skabte den leg de kan ha med hinanden.

Dette er sjølvsagt spekulasjonar frå mi side, men ein har eit rikt tilfang på informasjon som fortel om at julefeiringa ikkje alltid har vore prega av religiøst alvor, men heller det stikk motsette. I 1844 påpeika den svenske statistikaren Carl af Forsel at dei fleste barn vart fødd i september, og på heimesida til Statistisk sentralbyrå kan ein den dag i dag lese fylgjande :

«Fødselstopp i september
Det er ironisk at det blir født så få barn nettopp under en høytid som er viet feiringen av en fødsel – som fant sted for om lag to tusen år siden. På den annen side blir det unnfanget svært mange barn i denne høytiden, noe fødselstoppen i slutten av september, ni måneder senere, vitner om. Dette er trolig i større grad en ferieeffekt enn resultatet av bevisst planlegging for å få barn i september.»

Statistisk sentralbyra meiner fødselstoppen i september skuldast det dei kallar ein «ferieeffekt». NRK meinar det kan skuldast kosthaldet vårt i jula. Ein artikkel om dette kan ein lese ved å peike og klikke her.

At jula på mange måtar kan ha noko litt erotisk over seg, kan også dette innslaget vere ein peikepinn på :

Biletet øvst på side er eit utsnitt av eit måleri av syster til Frøy, Frøya. Det er laga av den svenske kunstnaren John Bauer. Meir informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.

Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.

04. desember – Saturnalia og Frøys leik