Syltelabbar, sylteflesk og svineribbe er vanleg julemat. Marsipangrisar får ein berre kjøpt i advents- og juletida – og på billigsal i vekene etter nyttår.

Det kan synast litt underleg at grisen, som i jødisk tradisjon vert oppfatta som eit ureint dyr, skal ha ein sopass framtredande plass i matskikkane for ei høgtid som i så stor grad er knytt til jødisk kultur og religion. Men så er tradisjonane knytt til å ete svinekjøt i jula heller ikkje jødiske. Dei er norrøne så gode som nokon – og dermed ei utmerka påminning om at julefeiringa vi har er sett saman av mykje ulikt.

Eit grisehovud som dekorasjon på eit svensk julebord frå 2015.
Eit grisehovud som dekorasjon på eit svensk julebord frå 2015.

Snorre Sturlason skriv i sin Edda at Odin kvar dag byr til etegilde på flesket av galten Særimne, og at Særimne kvar kveld står opp og er like heil og levande.

I kvadet Gylvaginneng står det :

(Andrimne heiter kokken, og Eldrimne kjelen)
Andrimne
lar i Eldrimne
Særimne syde
f
lesket er godt
men det er få som veit
k
va einherjane et

Grisekjøt var festmat i Noreg, rett og slett. At grisen måtte bøte med livet når det skulle haldast gilde, var heilt vanleg. Då er det kan hende ikkje så vanskeleg å tenkje seg at grisar, dersom dei er opptekne av eksistensielle spørsmål, kan hende undrar seg over om det kan vere eit liv etter jula…

Eit muntert a propos til det er denne «grisevisa» av og med Allan Edwall :

Og skulle einkvan trenge gode råd når det gjeld slakting av gris, har den gode historieformidlaren Arne Høyland eit godt råd her :

Biletet øvst på sida er teke av Alice Wiegand. Meir informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her. Biletet av svinehovudet er teke av Holger Elgaard. Meir informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.

Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.

05. desember – Spor av syltelabbar