6. desember er dagen til den heilage Nikolaus, som i åra 280 til 300 var biskop i den tyrkiske byen Myra. Han er kjend av mange, men helst under andre namn. Nokre kallar han Nils, andre kallar han Klaus. Men begge namna, både Nils og Klaus, kjem av mannen sitt opphavlege namn, Nikolaus.

Russisk ikon som syner Nikolaus av Myra.
Russisk ikon som syner Nikolaus av Myra.

Dei som kallar han Klaus, brukar gjerne tittelen hans også. Sankt Klaus – eller Santa Claus, eller Sinterklaas, som nokre vil seie. Dei som heller vil kalla han Nils, nyttar gjerne ein kjæleform av namnet, og kallar han Nisse, eller nissen. Biletet til høgre syner eit bilete av biskopen – meir informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.

Nikolaus skal ha vore ein hjelpsom og raus mann. Forteljingane om kor gåvmild han kunne vere, var mange. Rundt 1200-talet tok ein i Frankrike til å markere dagen hans, den 6. desember, med å dele ut gåver til borna. I mange land vart Santa Claus – eller Sinterklaas – framstilt med bispeklede og bispestav, ofte ridande på ein kvit hest.

I 1908 vart biletet som ein kan sjå eit utsnitt av oppe på sida, teke på ein skule i Alkmaar i Nederland. Her ser vi Sinterklaas på hesten sin, og attmed han hjelparen til Sinterklaas, Zwarte Piet (Svartepetter). Denne hjelparen gir etter tradisjonen gåver til dei snille borna, og juling til dei borna som ikkje er snille.

Dette biletet skal vere teke ved Olden kyrkje på slutten av 1800-talet.
Dette biletet skal vere teke ved Olden kyrkje på slutten av 1800-talet.

I Norden vart den gamle tyrkiske biskopen blanda saman med ein skikkelse som var knytt til garden – gardvetten – som passa på garden dersom han vart æra og gitt mat. I Sverige vart han kalla tomten – dette ordet kjem av tomt, eller tuft, som tyder bebygd plass. Men i Danmark og Noreg vart han altså kalla nisse.

Han framstod som ein figur nokså ulik den gamle biskopen. Klesdrakta hans kunne i større grad minne om kleda til den høgtidelege gjengen som er avbilda på det gamle fotografiet attmed.

Ein interessant detalj er foresten alle hattane som ligg rundt om på bakken – det skulle vore spanande å vite om nokre gjekk med hatt i staden for toppluer, eller om dei som hadde eigen hatt, tredde denne nedover topplua si…

Meir informasjon om dette biletet kan ein få ved å peike og klikke her.

Nisse på eit japansk julekort frå 1914.
Nisse på eit japansk julekort frå 1914.

Den moderne julenissen er gjerne utstyrt med topplue, raud pelskanta jakke med svart belte, raude bukser og svarte støvlar. Eit førebilete for denne varianten har nok den sokalla «Coca Cola-nissen», teikna av den svenskfødde reklameteiknaren Haddon Sundblom, vore. Men Coca Cola-nissen er ikkje den fyrste som ser slik ut, noko det japanske kortet frå 1914 som er avbilda her, skulle vere eit fint prov på.

Meir informasjon om nissekortet frå Japan finn ein ved å peike og klikke her.

I dag er julenissen ein kjend figur over heile verda. Men han er vår også, og nissedansen som ein kan høyre her, er norsk folkemusikk så god som nokon.

Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.

06. desember – Om ein gamal tyrkar og andre gamle folk