Kvar julaftan et vi graut heime hos oss. Det er praktisk, og det er godt. Men er det eigentleg julegraut vi et? Det er eg etter kvart begynt å tvile på.

For oss er det praktisk å ha eit grautmåltid litt tidleg på ettermiddagen julaftan. Det er av di vi et julemiddagen noko seinare enn folk flest, og då kan det vere greitt å ha ete noko som det er litt mette i tidlegare på dagen, slik at innhogget i juleknasket ikkje vert for voldsomt når pinnekjøtet vert dampa og den gode lukta frå kjøkkenet gjer at appetitten berre veks og veks.

Julegrauten vår er risengrynsgraut, med to modifikasjonar : Han inneheld ein raus klump med fløytemysost, noko som gjer at han får ein litt karamellaktig smak, og så kokar vi han saman med ei vaniljestang. Det gjer at denne grauten smakar litt ulikt graut vi kokar elles i året.

Mandel har vi sjølvsagt i. Og her er det ikkje noko juks: Mandelen vert lagt opp i ein tallerk på kjøkkenet, og alle tallerkane får ein liten klatt med graut oppi før ein annan enn den som har ordna med mandelen ber inn tallerkane og set dei på bordet. Premien? Sjekk artikkelen for 5. desember…

Grauten er mektig, og det er ikkje så store porsjonane vi et. Men når vi set oss kring bordet for å ete grauten, markerer dette på ein måte starten på julefeiringa heime hos oss.

07_nisse_med_graut
Gamalt julekort med nissemotiv.

Spørsmålet er berre: Er dette eigentleg julegraut? Før tenkte eg at dette måtte vere julegraut så god som nokon, for vi et berre slik graut julaftan. No er eg ikkje så sikker lenger.

For denne grauten lagar vi til oss sjølve. Julegrauten vart tradisjonelt laga til andre – til nissen, og truleg før der igjen, til gardsvettene. Julegrauten har sannsynlegvis vore eit slags offermåltid, tileigna dei som skulle sjå til at alt gjekk vel på garden. Men skikken med å setje ut graut julaftan har halde seg lenge etter at trua på gardsvettene forsvann.

Og når ein kom for å sjå etter grauten juledag, kunne det vel hende at grauten var forsvunnen, den med. Forklåringa kunne sjølvsagt vere at eitt eller anna dyr hadde sett sitt snitt til litt matauk julekvelden. Men det er grunn til å tru at det også kunne vere fattigfolk som fann eit høve til å mette magen litt ekstra på dette viset. I så fall var vel det den beste måten grauten kunne forsvinne på. Dette får meg til å tenke på eit lite gruk av Piet Hein :

Juleidé

Jeg fik en idé af en arbejdsløs
som stod ved en juleudstilling og frøs.
Idéen gik ud på dette:
Julen bør være en fasteda`
og resten af året bør – som han sa –
Alle folk spise sig mætte.

Det er ein samanheng mellom dette og songen som ein kan høyre i opptaket nedunder, som vert framført av nokre av min ungdoms heltar, Peter, Paul and Mary. Det dei syng her, er ei tiggarvise frå England, «A Soalin`», ispedd fragment av songen «God rest you, merry gentlemen».

Sting har ein annan flott versjon av same songen. Han kallar han «Soul Cake».  Dei som vil høyre den, får vente til julaftan etter klokka to…

Skikken med å gå rundt på dørene og synge for å få noko å ete, finn vi framleis restar av. Tradisjonen med caroling som ein finn mellom anna i USA og på dei britiske øyane – at folk går rundt og syng julesongar – har truleg sitt opphav her. Det same gjeld skikken med å kle seg ut og gå rundt og samle godterier i tida mellom Halloween og nyttår.

Men attende til julegrauten. Foredraget nedunder handlar litt om tradisjonar knytt til julegraut, og om fattigfolk og folk som er gnitne.

Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.

07. desember – Om julegrauten