Advent og jul er rik på musikalske tradisjonar, og eg er både oppteken av og svært glad i mykje av musikken som er knytt til denne tida.

Det er sjeldan at ein kan finne fleire og meir vellukka døme på korleis kulturelle uttrykk vandrar og vert fornya, både tidsmessig og geografisk, enn i advents- og julemusikken. Eit flott døme på dette er songen som vi kanskje best kjenner som «Glade jul». Sidan songen vart framført fyrste gongen i ein liten austerriksk landsby i 1818 har han no erobra verda, blitt gjendikta til mange språk, og den dag i dag er den sunge i mange land.

Men eg vil lyfte fram ein annan song her : adventssalmen «Veni veni Emmanuel», eller «Å kom å kom Immanuel» som han heiter i den norske gjendiktinga som er salme nr 3 i den nye norske salmeboka. Ynskjer ein å høyre den norske versjonen av denne salmen, kan ein få det ved å peike og klikke her. ( Merk : Det kan gå litt tid før opptaket vert starta opp.)

Maria og engelen Gabriel
Maria og engelen Gabriel

Fyrst litt om teksten : Den er sett saman av sju vers, som vart sunge ved kveldsgudstenestene i benediktinarklostra i tida 17. til 23. desember, eitt vers for kvar dag. Det er uklårt kor gamle desse versa er, men ein har funne referansar til dei alt i det sjette hundreåret, og ein veit dei har vore nytta fast frå åttehundretalet. Meir om dette kan ein lese ved å peike og klikke her.

Versa var skrivne på latin, og kvart vers innleidde med eit alternativt namn på Messias. Rekkjefylgja på vers er slik at dersom ein begynner med siste verset og tek fyrste bokstaven i kvart vers, dannar desse bokstavane ordet EROCRAS. «Ero cras» tyder «Eg kjem i morgon». Tilfeldig? Neppe…

Melodien til songen er av ukjent opphav, men i 1966 vart han funnen i eit manuskript frå 1400-talet som er i det franske nasjonalbiblioteket.

Melodi og tekst vart sett saman for fyrste gong i 1861, i samlinga «Hymns Ancient and Modern», som vart gitt ut i England. Sidan er songen blitt spreidd til mange land, og han er kjend og populær spesielt i engelsk- og tysktalande område.

Ein av dei som har laga arrangement til han, er den engelske arrangøren Philip Lawson. Nedunder kan ein høyre Philip Lawson sitt arrangement av «Veni veni Emmanuel», framført av vokalgruppa «The Gesualdo Six».

Og medan eg arbeidde med eitt av dei andre innslaga i julekalenderen, kom eg over ein annan versjon av «Veni, veni Emmanuel». Eg tek han med her som eit godt døme på korleis kulturelle uttrykk let seg omskape og fornye, utan at dei av den grunn mister dei gode kvalitetane dei har.

 

Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.

 

08. desember – Adventsmusikk