Julekveldsvisa er blitt allemannseige : Ho står i salmeboka, og er foreslegen som allsong i Humanetisk forbund sitt hefte «Inkluderende juleavslutning» – sjå side 13.

09_vindaugeDet er ikkje så rart at Julekveldsvisa er populær. Ho er ei stemningsfull vise som det er lett å verte glad i. Fokus er sett på julestjerna, som vert eit bindeledd mellom ein norsk heim der juleførebuingane nett er ferdige og ein stad langt borte, der folk kom saman for å sjå eit nyfødd barn.

Innhaldet i teksten er ein forenkla og folkeleg versjon av juleevangeliet. Einskilde delar av evangeliet er utelatne – den himmelske hærskaren er ikkje med, til dømes. Men gjennom ei nøktern attforteljing av noko av det Lukas fortel oss,  framstår den gamle og kan hende litt fjerne historia som notidig og nærverande. Alf Prøysen er med på å gjere forteljinga om barnet i krubba til eit stykke norsk historieforteljing.

Denne måten å bearbeide juleforteljinga på er ikkje eineståande. Vi finn mange døme på at diktarar, komponistar, biletkunstnarar og andre har bearbeidd juleforteljingane slik at det skulle verte lettare for folk å kjenne seg heime i dei.

Eit fint døme på dette er songen «Cristo de Palacaguina» – Kristus frå Palacaguina – som er laga av den nicaraguanske songaren og komponisten Carlos Mejia Gogoy. Dei to fyrste versa i songen er slik i Erik Hillestad si gjendikting :

09_krubbeOver Iguana-åsen på Segovia-fjellet
så man et merkelig lys som var det midnattsolen
Maisåkrene tok fyr, jerntrærne skalv
Det regnet lys ved Myogalpa,
Telpaneca og Chichigalpa

Jesus er nå født i Palacaguina
av Josef Pavon og en viss Maria
Ydmyk hushjelp, hun stryker klærne
som svøper seg rundt
storgodseierens vakre kone.

Eit artig opptak med Carlos Gogoy kan ein sjå ved å peike og klikke her. Men songen er også å finne på Katja Cardenal si juleplate «Ven a mi casa esta navidad», som er utgitt av Kirkelig Kulturverksted.

Men Alf Prøysen har gitt oss nordmenn vår lokale variant av historia og knytt henne til julestjerna, og dermed er vi mange med og syng :
«og såmmå å som hende er stjerna like stor
– du ser a over taket der a Jordmor-Matja bor».

Så var det planen å la Alf Prøysen få siste ordet, men slik skulle det ikkje bli. For i arbeidet med denne julekalenderen kom eg over nok ein fantastisk julesong med sterk lokal tilknytning,  nemleg «Nordnorsk julesalme» av Trygve Hoff. På Wikipedia kan ein lese fylgjande : «Sangen handler om «de evige ordan» med utgangspunkt i «mørketidslandet» – juleevangeliet i nordnorsk folkereligiøsitet.» I dette opptaket syng Moddi denne sangen på ein måte som rører meg djupt.

Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.

09. desember – Julekveldsvisa, ei norsk juleforteljing