Alf Prøysen presenterte juleevangeliet i si Julekveldsvise. Felix Luna og Ariel Ramirez brukte litt fleire songar på å formidle same historia.

Hausten 1963 skreiv den argentinske historikaren og forfattaren Felix Luna og landsmannen hans, komponisten Ariel Ramirez, songsyklusen «Navidad nuestra» – som altså tyder «vår jul». Gjennom seks songar vert juleforteljinga formidla. Fyrste songen fortel om at Maria får vitjing av engelen Gabriel, og siste songen handlar om flukten til Egypt.

Desse songane flyttar juleforteljinga over Atlanterhavet, og plasserer henne på det søramerikanske kontinentet. Dette er gjort på to måtar :

Gjetar frå Peru
Gjetar frå Peru

Teksten har mange referansar til Sør-Amerika. Hyrdingane har med ost og lokale krydder, medan dei heilage tre kongane gjev Jesusbarnet ei poncho av kvit alpakkaull. Det skal forresten vere ein viss symbolikk i dette med den kvite ulla. I inkariket var det visstnok berre medlemer av den kongelege familien som kunne bere kvit alpakkaull.

Alle seks songane er basert på tradisjonelle danserytmer frå Argentina, Peru og Bolivia, og i det opphavelege arrangementet som vart framført for fyrste gong i 1964, vart folkelege instrument nytta.

For ein del år sidan laga eg norske tekstar til songane i Navidad nuestra. No vil eg dele ein av dei med dykk. Det er songen til hyrdingane – los pastores. Og under teksten finn ein eit opptak med denne songen, sunge på originalspråket.

Ah –

Samle dykk, hyrdingar, kom inn frå
bøar 
og bakkar der buskapen går.
Kom hit til krubba, sjå barnet og mora
og gåvene som dei skal få.
Av angande urt og blomar på strå
bukettar og kransar skal Jesus no få.

Ah –

Sjå no, vi kjem ifrå Pinkas, San Pedro,
Aminga, Poman og Chuque.
Vi har med blomar og brød og
eit teppe av ull som vi barnet vil gje.
Av angande urt og blomar på strå
bukettar og kransar skal Jesus no få.

Ah –

Julio RomeroJulio Romero kjem flott på sin hest
og vil spele for oss på gitar
medan han syng med si klangfulle røyst
om den gleda vi hyrdingar har.
Av angande urt og blomar på strå
bukettar og kransar skal Jesus no få.

Ah –

Sjå kor vi høgtider stunda med
songar og dansar for barnet på strå:
Vi gjev han blomar og lys,
og i hjarta er glede for han vi fekk sjå.
Av angande urt og blomar på strå
bukettar og kransar skal Jesus no få.

Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.

10. desember – Navidad nuestra, «Vår jul»