I min barndom var 14. desember ein litt spesiell dag. Det var ti dagar att til julaftan, og på tide å starte opp juletresalet.

Om morgonen den 14. desember var dei på plass, juletreseljarane. Dei tilbaud juletre i alle storleikar og fasongar. Det var nok ikkje alle trea som var like velforma og vakre, men dei fleste fekk nok eigen juletrefot å stå på før juleklokkene kimde jula inn.

Elles i desember var det helst kaldver og snø ein ynskte, men nett når juletrea kom gjorde det ingen ting om det var væte og nokre plussgrader i lufta, syntest eg, for då lukta det så intenst og inderleg godt av trea.

Hos foreldra mine var juletreet alltid gran. Sjølv har eg alltid foretrukke furu, og stort sett har eg funne juletrea våre sjølv. Av og til har eg vore åleine på juletrehogst, andre gongar har eg hatt med fylgje. Uansett har dette vore ei spesiell og fin oppleving. Og når ein snakkar om spesielle opplevingar i samanheng med hausting av juletre, så finn ein eit artig døme på det ved å peike og klikke her.

NRK har forresten lagt ut eit kosteleg lite høyrespel om det å hogge juletre – ein kan høyre det ved å peike og klikke her. Høyrespelet er skrive av radiomannen Arthur Klæboe, og alle rollene er framført av Alfred Maurstad.

Treet Yggdrasil, frå eit islandsk manuskript.
Treet Yggdrasil, frå eit islandsk manuskript.

Tradisjonen med å ta inn eit tre til jul og pynte det, skal kome frå Tyskland der ein begynte å gjere dette ein gong på 1500-talet. I Noreg begynte einskilde med dette tidleg på 1800-talet, men det tok ei tid før skikken var ålment utbreidd hos vanlege folk. Det gjekk eit stykke innpå 1900-talet før ein kan seie at juletreet var eit vanleg syn i heimane til folk her til lands.

Men som religiøst symbol har treet ei lang og interessant forhistorie. Tenk berre på kunnskapens tre som står omtalt i Bibelen, eller Yggdrasil som ein møter i den norrøne mytologien. Det er i grunnen ikkje underleg at treet er blitt eit religiøst symbol i mange kulturar, der det står med røtene djupt i jorda og strekkjer greinene sine mot himmelen.

Lenge før skikken med å ta inn og pynte juletre var vanleg, var det mange stader i landet vårt skikk å ta inn eit lite tre i jula, setje det i jordgolvet eller i eit vassfylt kar og sjå korvidt treet begynte å spire, og korleis desse spirene i så fall vart. Ein meinte at dette kunne seie noko om korleis det komande året skulle bli. Sannsynlegvis er det denne skikken som er omtala i visa om Haugebonden, der det i fyrste verset heiter:

«Å det var den heilage joleftas kvelden
at bonden skulle stad og finne limar.»

(«Limar» tyder i den samanheng stokk eller stamme, på same vis som i ordet «sopelime».)

Songen om Haugebonden kan ein høyre her :

Tidlegare var det ikkje uvanleg at folk gjekk rundt juletreet og song. Den skikken er det nok blitt mindre av i våre dagar, men det finnest nokre julesongar som heilt sikkert vart laga spesielt for gangen kring juletreet. Ein av dei kan ein høyre her. Melodien som ein høyrer her er skriven av Edvard Grieg. Den er nok ikkje den som er best kjend. Men fin er han.

Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.

14. desember – Du grøne, glitrande tre god dag