«Ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje husrom for dei.» Luk.2.7 

15_fodselskyrkjaDette er alt som er å lese om korleis det var der Jesus vart født. Han vart lagt i ei krubbe. Kvar krubba var plassert, seiest det ingen ting om.

I Betlehem er det bygd ei kyrkje over staden der Jesus etter tradisjonen skal vere født. Det er ei grotte. Kyrkja, som vert kalla Fødselskyrkja, er den fyrste palestinske staden som er inkludert på UNESCO si verdsarvliste. Dette skjedde i 2012. Biletet attmed, teke av Berthold Werner, syner staden i kyrkja som ligg over grotta.

151109_Ikon_BetlehemDet finnest også ulike bilete som syner krubba plassert i ei grotte, slik ikonet som det er attgitt eit utsnitt av her, syner.

Felles for mange av desse bileta er at dei er i ein austkyrkjeleg tradisjon, bysantinsk eller ortodoks. Ikonet attmed ser ut til å vere nokså nytt, men det skil seg i liten grad frå eldre framstillingar av Jesu fødsel, slik ein finn dei i det austlege middelhavsområdet og nordover i landa som har hatt ein ortodoks kyrkjetradisjon, slik som Russland der dette ikonet skal vere frå.

Det finnest mange teoriar om kvar denne krubba kan ha vore plassert. Ein kan tenkje seg at ho var plassert under open himmel. Einskilde meiner at ho kan ha vore plassert i eit bustadhus – det var ikkje uvanleg at folk og fe budde i kvar sin del av same huset.

At krubba skal ha stått i ein stall, er det eigentleg ingen haldepunkt for. Men i dei vestre og nordre delane av Europa vart det etter kvart vanleg å tenkje seg krubba plassert i ein stall, og etter kvart fann stallen vegen inn i biletlege framstillingar av juleforteljinga, og i mange julesongar.

Men meir om dette seinare. Nett no kan vi glede oss over ein vakker julesong av Johann Sebastian Bach : «Ich steh an deiner Krippen hier» –«Eg står her ved krubba di». Og som ein vil sjå av filmen : Krubba som dukkar opp her, er plassert i ein stall.

 

Biletet øvst oppe på sida er eit utsnitt av måleriet «Den heilage natta» av den italienske målaren Antonio de Corrieggi. Meir informasjon om biletet kan ein finne ved å peike og klikke her.

Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.

15. desember – Julekrubba