At Jesus vart fødd i ein stall, er ei «sanning» som har snike seg inn i mange juleforteljinger, ja, heilt inn i nokre av julesalmane våre. Men det er ikkje haldepunkt for at historia om stallen stemmer.

Utsnitt av måleri av Rogier van der Weyden.
Utsnitt av måleri av Rogier van der Weyden.

I juleevangeliet får vi vite at Maria sveipte Jesus og la han i ei krubbe. Kvar krubba stod, seier historia ingen ting om. Lokal tradisjon i Betlehem tilseier at krubba stod i ei grotte.

Men i løpet av århundra vart det etter kvart meir og meir vanleg å plassere krubba i ein stall, i alle fall i vest- og nordeuropa.

Lenger aust var det framleis vanleg å plassere krubba i ei grotte. Eg trur dette kan henge saman med at ein i aust har hatt sett på ikonmåling som ein form for visuell historieforteljing, og forteljingar skal ein helst ikkje gå inn og forandre mykje på.

I tradisjonane i vestkyrkjene vart framstillingane av krubba meir sett på som tolkingar av historia, og dermed med større fridom til å leggje til og trekkje frå. Og eg trur at stallen kom inn som ein del historia om Jesu fødsel lenger nord i Europa, av di det her var meir vanleg å ha dyra inne og fore dei der i periodar. Krubba vart altså plassert i omgjevnader der det var naturleg å tenkje seg at ei krubbe kunne stå.

Og så begynte stallen å endre utsjånad. Nokre gongar vart han framstilt som ein slags ruin, andre gongar som eit enkelt skur. Ikkje sjeldan fekk han preg av lokal byggeskikk, og markene kring Betlehem vart erstatta av eit landskap den som laga framstillinga og dei som såg henne, var fortrulege med.

Ved at rammene kring juleforteljinga er blitt gjort meir like rammene rundt oss som høyrer henne, kjem forteljinga oss litt nærare. Det er dette eg meiner når eg skriv at stallen er ein fantasi som handlar om nærleik.

Nedunder er ein liten serie med bilete som syner ulike framstillingar av Jesus i krubba. Ikkje få av desse har ei klår tilknytning til staden dei er frå.

Som ein vil sjå, finnes det mange forestillingar om korleis det såg ut der Jesus vart født. Rembrandt hadde også ei vinkling på dette. Dei som vil sjå den heilage familien plassert i eit nederlandsk 1600-talsmiljø, kan peike og klikke her.

Jakob Sande har uttrykt denne nærleiken i ord. «Det lyser i stille grender» fører oss direkte frå grendene våre og til markene ved Betlehem.

Og her kjem eit litt mindre kjend dikt av Jakob Sande som uttrykkjer noko av det same :

Folkevise

Maren, Maren budeie,
gakk i ditt fjos!
Eit barn er født i stallen,
og smiler i stjerneljos

Biletet øvst på sida er av den italienske målaren Lorenzo Leonbruno da Mantova. Meir informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.

Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.

16. desember – Stallen, ein fantasi som handlar om nærleik