Eit nærmast fast inventar i eikvar julekrubbe, er ein okse og eit esel. Ein finn dei også nemnt i julesongar. Men kva i alle dagar har dei der å gjere?

Eitt er sikkert : Det finnest ikkje belegg for at nokre av desse dyra faktisk var til stades då Jesus vart fødd. Likevel er det lange tradisjonar for å ha dei med. Og eg trur det er med god grunn:

Oksen og eselet var brukt av vanlege folk i deira daglegliv. Oksen var trekkraft når store krefter måtte til. Eselet var det vanlege transportmidlet for folk flest, både som ridedyr og til å flytte varer med. Ved å plassere desse dyra nær den heilage familien markerte ein at dette var «folk av folket», og ikkje nokon elite.

For innpå tjue år sidan fann eg på at eg ville lage ein julesong, der juleforteljinga vart sett frå eit «eselperspektiv». Tanken var å bruke han i eit julespel som skulle vere på skulen der eg arbeidde. Eg ynskte å gjere han nøktern og enkel, men han har likevel ein moral : Eg kan vere til nytte for andre, sjølv om eg er liten.

Eg forstod det ikkje sjølv det året songen vart brukt for fyrste gong, men då eg eit halvt år seinare overhøyrde to jenter i småskulen syngje alle versa i Eselsongen , forstod eg at eg må ha truffe eitkvart hos elevane. Seinare er songen nytta kvart einaste år i samband med skulen si juleavslutning. Og her er han – tonen kan ein høyre ved å peike og klikke her, og notane kan forstørrast ved at ein peikar og klikkar på dei..

17_notar_eselsongen

Eg er eit lite esel, eg kjem frå Nasaret.
Folk seier at eg er det minste eslet dei har sett.
Men eigaren min, Josef, som er ein tømmermann
er snill og kjærleg med meg, og eg er glad i han.

Ein dag tok Josef sekken og ferdastaven sin
og gjekk, og festarmøya hans vart med på ryggen min.
Vi skulle heilt til Betlehem, og det er langt å gå
for alle, men eg bar Maria for ho venta små.

Vi gjekk i mange dagar før vi Betlehen fekk sjå.
Vi ynskte oss ein stad å bu, og Josef banka på
så mang ei dør i byen der og spurde etter ly.
Men ingen ville hjelpe oss i heile Davids by.

Og natta fylgde dagen, og det vart mørkt og kaldt.
På svarte nattehim’len skein det stjerner over alt.
Og så kom tida då Maria ventetid var slutt.
Maria fødte barnet sitt. Det var ein liten gutt.

Han var så fin og liten, så vakker og så spe.
Maria sveipte han og la han fint i krubba ned.
Og eg gjekk stille borttil, i milde stjerneskinn
og vermde vesle kroppen hans med vesle kroppen min.

 

Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.

17. desember – Og okse der og asen stod