Ingen andre figurar i juleforteljinga er meir gåtefulle enn dei tre heilage kongane, eller dei tre vise menn. Kven, eller kva, var dei? Og kvar kom dei frå?

Kongane kjem med gåver. Legg merke til hovudplagga!
Kongane kjem med gåver. Legg merke til hovudplagga!

Ingen veit noko om dei. Ein veit ikkje om dei var tre, eingong. I nokre tradisjonar var dei tolv. På våre kantar var dei tre, og dei fekk tidleg namn : Kaspar, Melkior og Baltasar. Biletet attmed syner ein mosaikk frå St.Appolinare-basilikaen i Ravenna. Mosaikken er truleg frå 500-talet, og over dei tre figurane ser vi namna deira.

Tradisjonen seier at dei hadde med seg gåver til Jesusbarnet – gull, røykjelse og myrra. Det var kostbare saker. Gull er ein konge verdig. Røykjelse er noko ein nytta som offer til guddommen. Myrra er salve for såre føtter, eit uttrykk for omsorg. Gåvene var nok ikkje tilfeldig valde. Eg trur at desse gåvene skulle fortelje dei som høyrde om dei, noko om han som fekk dei.

Kongane vert åtvara i ein draum.
Kongane vert åtvara i ein draum.

Eg trur også det er eit poeng at vismennene var folk frå framande land. Kva for land, er det mange teoriar om. Namna dei har fått, kan tyde på at ein meinte det var folk frå Persia. Men ein teori er at ein var frå Europa, ein frå Asia, og ein frå Afrika – jamfør biletet av dei tre kongane i senga, der den eine har tydelege afrikanske trekk. Når ein tenkjer på at desse tre verdsdelane var dei einaste som var kjende blant dei som utforma tradisjonen, er det nærliggjande å tru at dei tre var framstilte som representantar for alle folk i den kjende verda.

Dersom dette stemmer, er det ikkje meir enn rett og rimeleg at dei tre kongane får nye nasjonalitetar når dei vert flytta over havet og kjem til Amerika. I «Navidad nuestra» kjem det lokale preget til uttrykk i gåvene dei har med seg til Jesusbarnet, mellom dei ein poncho av kvit alpakkaull. Her kjem gjendiktinga eg har gjort på nynorsk av teksten til songen om dei tre kongane – «Los Reyes Magos» :

Tre kongar kjem, sjå gåvene dei har,
Kong Melkior, Kaspar og Baltasar:
Ein poncho av alpakkaulla kvit,
men også kake og honning tek dei hit.

Sjå, det vesle Jesusbarnet søv,
og framfor barnet, kongane på kne;
reisetrøytte, kleda dekt av støv,
men dyrebare gåver har dei med.

Og barnet vaknar, ser på dei og ler,
og gyllen honning dryp på barnemunn.
Og sola skin og sender ned
sine stråler i same stund.

Her vert songen framført av ei gruppe, Los Gofiones, som held til på Gran Canaria.

Til sist kjem ein song som eg snubla over, laga av James Taylor. Her omtalar han dei tre vise menn si avgjerd om å ikkje reise attende til kong Herodes. Eg trur  moralen i songen er at vi ikkje alltid skal la oss blende av andre, men stole på vår eiga dømmekraft. Det er vise ord, tenkjer eg.

Those magic men the Magi, some people call them wise
or Oriental, even kings. Well anyway, those guys,
they visited with Jesus, they sure enjoyed their stay.

Then warned in a dreamof King Herod’s scheme, they went home by another way.
Yes, they went home by another way, home by another way.
Maybe me and you can be wise guys too and go home by another way.
We can make it another way, safe home as they used to say.
Keep a weather eye to the chart on high and go home another way.

Steer clear of royal welcomes, avoid a big to-do.
A king who would slaughter the innocents will not cut a deal for you.
He really, really wants those presents, he’ll comb your camel’s fur
Until his boys announce they’ve found trace amounts of your frankincense, gold and myrrh.
Time to go home by another way, home by another way.
You have to figure the Gods, saying play the odds, and go home by another way.
We can make it another way, safe home as they used to say.
Keep a weather eye to the chart on high and go home another way.

Home is where they want you now,
You can more or less assume
that you’ll be welcome in the end.
Mustn’t let King Herod haunt you so
or fantasize his features
when you’re looking at a friend.

Well it pleasures me to be here and to sing this song tonight,
They tell me that life is a miracle and I figured that they’re right.
But Herod’s always out there, he’s got our cards on file.
It’s a lead pipe cinch, if we give an inch, old Herod likes to take a mile.
It’s best to go home by another way, home by another way.
We got this far to a lucky star, but tomorrow is another day.
We can make it another way, safe home as they used to say.
Keep a weather eye to the chart on high and go home another way.

Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.

18. desember – Vise menn frå Austerland