Evangelisten Lukas fortel at dei fyrste som kom og såg det nyfødde Jesusbarnet, var nokre hyrdingar som var blitt varsla av «ein himmelsk hærskare». 

Møtet mellom hyrdingane og englane er den einskildhendinga som har fått størst omtale i juleevangeliet, og eg har ein teori om kvifor: Eg trur evangelisten hadde ynskje om å løfte fram dette møtet mellom himmel og jord, og plassere hendinga med Jesu fødsel i den konteksten.

Kan hende han hadde nokre liknande tankar, den amerikanske komponisten William Billings ( 1746 – 1800 ) då han skreiv songen «Shiloh», også kjent som «Shepherds Carol». I denne songen fortel hyrdingane og englane saman historia om det som hende på betlehemsmarkene. Stort sett er det hyrdingane som fortel, medan englane kommenterer.

Kvart vers vert innleia av hyrdingane og avslutta av englane. Rollebytet vert markert i midt i verset ved at rytmen går frå fire firedels takt til seks firedels takt.

For ein del år sidan omsette eg teksten til norsk. Denne er attgitt under videoklyppet nedunder. Eg nytta teksten med William Billings sitt originale arrangement i songkoret «Spleis», som eg dirigerte på den tida. Den som måtte ynskje å sjå notane, kan laste dei ned ved å peike og klikke her. Arrangementet er public domain og kan nyttast av alle, og eg skal ikkje lage bråk om einkvan ser seg mon i teksten eg har laga.

Eg syntest eg såg englar kom til oss frå himlen ned.
Med glade stemmer song dei om Guds son, som kom med fred.
Ver ikkje redde, for vi kjem med gledebod til jord!
For Jesus Kristus, frelsaren, er fødd på Herrens ord.

Dei ba oss reise frå vår flokk for frelsaren å sjå.
Dei sa den store stjerna synte kvar vi skulle gå.
Søk ikkje borgar eller slott som syner mannemakt,
for kår blant småfolk har han fått, i krubba er han lagt.

På denne måten fekk vi sjå at Gud saktmodig kom
til jorda som eit fattig barn frå himmelsk herlegdom.
For alle rom var fulle. Det var ikkje rom å få.
Og i den kalde, mørke natt vart barnet lagt på strå.

Vi samla oss kring krubba, og vi såg det som var hendt.
Med glade hjarte tilba vi han som frå Gud var sendt.
Det barnet som de tilbed, er ei gåve gudesendt!
Den største gåva de kan få, det beste som har hendt!

Og kring oss i den mørka natt såg vi ein himmelsk hær
som lovsong Herren, allheims Gud, som no og alltid er.
Til Gud, vår far, til Krist, hans son, til Heilag ande blid,
vi stemmer opp ein jubelsong frå no til evig tid!

Ei noko meir kjend skildring av møtet mellom englar og hyrdingar, finn vi i Georg Frideric Händel sitt oratorium «Messisas». Dette oratoriet er ei konfektøskje full av musikalske godbitar, og ein av dei beste bitane er nettopp den som skildrar møtet på betlehemsmarkene. Nedunder er ei fin innspeling av dette. Legg spesielt merke til korleis Händel nyttar musikken til å illustrere innhaldet i teksten
«Glory to God in the highest
And peace on earth
Good will towards men»
– for ikkje å snakke om korleis han let strykarane illustrere korleis englane stig til værs og forvinn etterpå.

Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.

19. desember – Om englar og hyrdingar og ein amerikansk komponist og ein tysk-engelsk ein