Mykje kan seiast med få ord. Denne gamle julesongen er eit heilt teologisk foredrag, komprimert til tre små vers med ein vakker melodi til.

Jesse treDet hev ei rose sprunge ut av ei rot så grann.
Som fedrane hev sunge: Av Isais rot ho rann.
Og var ein blome blid, midt i den kalde vinter
ved mørke midnattstid.

Om den rosa eine er sagt Jesajas ord.
Maria møy, den reine, bar rosa til vår jord.
Og Herrens miskunnsmakt det store under gjorde
som var i spådom sagt.

Guds rose juvleg angar og skin i jordlivs natt.
Når hennar ljos oss fangar ho vert vår største skatt.
Vi syng i englelag : No er det fødd ein frelsar
og natti vart til dag.

Teksten inneheld to referansar til Bibelen – Isais rot og Jesajas ord. Isai var far til kong David, og er nemnd i Jesu ættetavle, slik den er nedskriven i Matteusevangeliet. Vi har fleire døme på at denne ættetavla er teikna som ein stamme som stig opp frå kroppen til ein liggjande mann, som er Isai. Biletet over er henta frå ein fransk illustrert bibel frå 1200-talet, Bible des Capucins, og syner Isai ved rota og eit kristusportrett på toppen av stammen. I kapittel 11 i Jesajaboka finn vi ein av fleire kristusprofetiar : «Ein kvist skal skyta opp frå Isais stubbe, og eit skot skal spira fram frå hans røter.« Resten av teksten finn ein ved å peike og klikke her.

20_rosebileteÅndelege songar og salmar kan grupperast på ulike måtar. Ein av dei er å skilje mellom «utoversongar» og «innoversongar». Utoversongar er songar der den som syng, formidlar ein bodskap til den eller dei som høyrer på. Innoversongar er songar som gjev den som syng, høve til sjølv å meditere over innhaldet i songen. For meg er «Det hev ei rose sprunge» så absolutt ein innoversong. Den rolege og melodiske tonen innbyd til refleksjon over innhaldet, som etter mi oppfatning er ei teologisk resonnementsrekkje.

Tonen er nedskriven av den tyske komponisten og musikkteoretikaren Michael Praetorius ( 1571 – 1621 ). Forutan å ha tonsett songen, laga han eit vakkert korarrangement til han. Arrangementet indikerer at songen har vore nytta på stader der ein hadde kyrkjer store nok til at dei kunne halde seg med eit rimeleg godt kor. Det vil nok helst seie ein by av ein viss storleik.

Nedunder kan ein lytte til Praetorius sitt arrangement, sunge av eit kor med gutestemmer i staden for kvinnestemmer. Sannsynlegvis var det slik songen vart framført på den tida Praetorius skreiv arrangementet.

Men songen har kvalitetar som gjorde at han vart spreidd frå Tyskland til andre land, og han fann også vegen opp til våre trakter. Ingeborg Bratland si framføring av songen syner at han godt toler ei folkeleg framføring også.

Og som mange andre gamle kulturuttrykk toler denne songen å verte ikledd ei moderne tonedrakt. Den svenske komponisten Jan Sandstrøm har laga ei bearbeiding av Praetorius sitt arrangement som eg er rimeleg trygg på at den gamle komponisten hadde sett stor pris på.

Og uansett form og kunstnarleg uttrykk: Bodskapen forblir den same.

Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.

20. desember – Det hev ei rose sprunge