21. desember vart kalla Tomasmesse, men også Tomas brygger eller Tomas fulltønne. Eg har prøvd å finne ut samanhengen mellom apostelen og ølbrygginga.

Tomas tønnetappar?
Tomas tønnetappar?

Det viste seg å vere vrient. Eg fann rett og slett ingen ting!

Sannsynlegvis er forhistoria den at i katolsk tradisjon var 21. desember minnedagen til apostelen Thomas, og at det på våre kantar var vanleg at juleølet vart tappa opp i dagane like før jul. Dermed vart det ei kobling mellom «oppskoka» og minnedagen til Sankt Tomas. Og koblinga er gamal. Vi finn merket for dagen – ei øltynne – på gamle primstavar.

Det finnest mange gode artiklar på nettet om skikken med å bryggje juleøl. Ein av dei kan ein lese ved å peike og klikke her. Og det er viktig å sjå på bruken av juleøl som ein del av vår kulturhistorie. I si tid heitte det «å drikke jul». Skikken med å lage og drikke øl i samband med feiring av høgtider har vore ein del av kulten frå lang tid attende, slik skikken har vore det i andre kulturar også.

Øldrikkande nissar.
Øldrikkande nissar.

Men denne skikken har ei bakside som må nemnast, og den heiter fyll. Dessverre er det mange som opplever jula meir som ei lang og anstrengande fyllekule enn som ei høgtid. Og ofte er det borna som har det vanskelegast. Dei kan oppleve at foreldre eller andre som står dei nær, rusar seg og oppfører seg deretter.

At mange av aktivitetane borna elles har å gå til er stengde i jula, gjer at det kan vere vanskeleg å finne ein stad å vere når dei treng å kome seg litt vekk frå det som skjer i heimen deira. Ein kan lese ein innsiktsfull artikkel om emnet ved å peike og klikke her.

Det er ikkje mi meining å moralisere, og eg kan godt «tilstå» at eg også set pris på å ha noko godt i glaset av og til i jula. Men eg trur vi vaksne gjer klokt i å tenkje oss om litt, både på korleis vi sjølve framstår, og korleis borna kan oppleve det.

Meir tenkjer ikkje å seie om den saka – og det skulle vel ikkje vere naudsynt heller?

Det er lov å håpe…

Nedunder kan ein sjå ei film om korleis tradisjonell øbryggjing vart gjort i Indre Sogn.

Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.

21. desember – Om øl og ein apostel