Medan Josef må ha vore ein mann av jorda, fekk Maria mellom mykje anna tittelen «Regina coeli» – himmeldronninga.

Maria har vore – og er framleis – gjenstand for tilbeding. Det er kanskje ikkje så rart. Ho er no ein gong – med eit mogleg unntak i ei anna Maria – den kvinna som stod Jesus nærast. Og som Jesu mor vart ho sett på som ei som ein kunne be om hjelp når det trongst.

Nedunder kjem eit lite døme på dette, i ein spansk song frå 1400-talet. Han fortel ei historie om sjømennene på eit skip som heldt på å forlise i ein storm. Dei pumpa ut vatn alt dei kunne, men det var fyrst då dei hadde bede jomfru Maria om hjelp at stormen stilna og dei vart berga.

Mariadyrkinga forsvann meir og meir i dei reformerte og protestantiske kyrkjene, men vi finn restar att av dette i ein del av julesongane våre. Det er ikkje så underleg, med tanke på at nokre av songane kom til på ei tid då mariadyrking også var utbreidt hos oss, eller at songane har vandra hit frå område der mariadyrking var, og kan hende framleis er, vanleg.

Nedunder kjem eit vakkert døme på ein slik julesong, kjend i Noreg som «Gamal Mariavise». Men denne gongen har eg vald ein tysk versjon, både av di eg synest denne er fin, og som ei lita påminning om at det som kan vere vakre innslag i våre norske juletradisjonar, også kan høyre heime i andre land sine tradisjonar.

Eg har vald å leggje til nok ein versjon av denne songen – denne er i dansk språkdrakt, og i eit arrangement for jentekor.

Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.

 

23. desember – Maria, himmeldronninga