Og engelen sa: «Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.«

Gjennom desse førjulsdagane har eg prøvd å dra fram ulike sider ved det som er blitt til mi julefeiring. Men kjernen i det heile er for meg dette:

Engelen sa til gjetarane : «De skal finne eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» Og gjetarane gjekk for å finne barnet.

Evangelisten Matteus fortel at dei vise mennene kom til Herodes i Jerusalem og sa: «Vi såg stjerna hans gå opp, og no er vi komne og vil hylla han.« Dei vise mennene kom for å hylle barnet.

Gjetarane og dei vise mennene gjekk for å oppsøkje eit lite barn som dei meinte var noko heilt utanom det vanlege. Og dei gjorde det av eigen, fri vilje.

Julehistoria er mangslungen. Men eg trur ikkje ho er tilfeldig samansett. Eg er viss på at både gjetarane og dei vise mennene har ein funksjon i denne historia.

Eg tenkjer på dei som gode føredøme. Gode føredøme for den som av eigen, fri vilje vil oppsøkje barnet i krubba.  Det finnest julesongar som tek opp dette også – ein av dei kan ein høyre ved å peike og klikke her.

Og kva ein kan få ut av å gå å i fotspora til gjetarane og dei vise mennene, er songen nedunder eit vakkert bilete på.

Med den vil eg takke for fylgjet,
og ynskje alle ei riktig god jul.


( Og frå klokka 14:00 i dag kan den som vil,
gå til julekalendersida for å opne nokre kulturelle julegåver
til å korte ventetida med. )

Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.

24. desember – Jesus