Det har vore veldig kjekt å arbeide med å lage denne kalenderen. Og eg har funne mykje spanande undervegs som eg ikkje har fått plass til.

Men noko av det som eg ikkje fekk plass til, vil eg dele med dykk likevel. Det er ein del videosnuttar som ligg på Youtube, og som eg har laga peikarar til frå denne sida. Det er ei salig blanding av likt og ulikt. Peik på setningane med raud skrift for å kome fram, og kryss av i øvre høgre hjørne på sida som då opnar seg for å kome attende til denne sida. Men fyrst og fremst : Kos deg.

Og eit lite råd, berre: Bruk sida som om det var ei øskje med konfekt. Ikkje et opp alt på ein gong.

John Bauer : Julebukk
John Bauer : Julebukk

Julegåver er eit tema eg i liten grad har skrive om. Men for mange er dette store saker. Kva får vi? Og kva skal vi gje? Kva ynskjer folk seg ? Her kjem eit lite juleynskje som ikkje er så lett å oppfylle for alle.

Effekten julekaker kan ha på folk, vart så vidt nemnd den 4. desember. Her vert vi presenterte for ein effekt som gjerne er meir kjend, men slett ikkje mykje omsnakka.

«Å jul med din glede,» er ein gamal julesongtravar. Her kjem ein annan song som formidlar mykje glede, ikkje minst frå dei som framfører han. Songen er opprinneleg frå Peru, men koret som syng han her kjem frå Tenerife.

Soul Cake vart presentert tidlegare i kalenderen, i ein versjon med Peter, Paul and Mary. Her kjem ein versjon med Sting, frå ein konsert i katedralen i Durham.

Italiensk julekort, frå 1893
Italiensk julekort,
frå 1893

Ein og same songen kan framførast på mange måtar – i stort alvor, slik ein kan høyre her, eller i langt frå like stort alvor, slik denne versjonen vert framført.

Johann Sebastian Bach kjem ein ikkje unna når det gjeld julemusikk. Her er ei av hans bearbeidingar av «Eg synger jolekvad», framført på orgel. Det er ei fin innspeling, og interessant av di ho syner litt av kompleksiteten i orgelspeling.

Mellom- og austeuropa er rik på julemusikktradisjonar. Slovaken Edmund Pascha ( 1714 – 1772 ) brukte folketonar og folkeinstrument i sine komposisjonar, og var ein foregangsmann på dette området. Her er ein film frå 1970 som viser utdrag av hans Harmonia Pastoralis. Filmen er noko av det raraste eg har sett, men musikken er flott, og vanskeleg å få tilgjenge til elles. ( NB : Det er 30 sekund med uinteressante tv-trailarar i starten, samt masse innleiande tekst deretter. Syn tålmod, eller bla deg fram til 2:30 min ut i filmen og start der. Eller gå direkte til 24:35 og høyr ein Benedictus-sats som er noko heilt for seg sjølv. )

Polen er også eit land med mange flotte tradisjonar, til dømes dei utrulege julekrubbene. Tilfanget av julesongar er også stort, og komponisten Witold Lutoslawski laga i 1946/47 arrangement for solo og piano til 20 polske julesongar. Om lag 40 år seinare bearbeidde han desse arrangementa for kor og orkester. Her kjem eit flott utdrag av hans «Tjue polske julesongar».

Tidlegare har eg nemnt fleire døme på at juleforteljinga vert gitt eit lokalt preg. Her kjem eit svensk døme på akkurat dette.

Her kjem ein julesong frå Hellas. Kva som vert sunge her, er bokstavleg talt heilt gresk for meg.

Det er ein grunn til at eg ikkje er heilt ferdig med Santa Lucia. Den kan ein høyre her.

Her kjem ein kjend song,  «Eit barn er født i Betlehem», sunge til ein folketone frå Nordhordland, og med eit moderne tonefylgje til. Lekkert.

Så kjem «Ecce quod natura»,ein gamal, vakker julehymne, sunge av Anonymous4, ei kvinneleg vokalgruppe.

Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.

24. desember – From all of us to all of you