Dette diktet, som eg fann i eit facebookinnlegg einkvan delte med meg, har lege «til modning» hos meg ei stund. Eg synest det er eit spesielt dikt. Les du det frå toppen og ned, er det heller deprimerande. Men prøv å lese det frå botnen og opp!

I am very ugly
So don’t try to convince me that
I am a very beautiful person
Because at the end of the day
I hate myself in every single way
And I’m not going to lie to myself by saying
There is beauty inside of me that matters
So rest assured I will remind myself
That I am a worthless, terrible person
And nothing you say will make me believe
I still deserve love
Because no matter what
I am not good enough to be loved
And I am no position to believe that
Beauty does exist within me
Because whenever I look in the mirror I always think
Am I as ugly as people say ?

Dette er eit dikt eg synest alle bør få del i, så eg har drista meg til å lage ein norsk versjon av det. Og for å gjere det enkelt for alle, har eg publisert den norske versjonen både med original linerekkjefylgje og i «opp-ned» versjon.

eg er stygg
så prøv ikkje å overtyde meg om at
eg er ein vakker og god person
for når alt kjem til alt :
eg hatar meg sjølv på alle vis
og eg kjem ikkje til å narre meg sjølv ved å seie at
det er det gode inne i oss som tel
så vær viss på at eg vil minne meg sjølv om at
eg er ein verdlaus, forferdeleg person
og ingen ting av det du seier kjem til å få meg til å tru
at eg likevel er verd å elske
for uansett er det slik
at eg ikkje fortener å verte elska
og eg har ingen grunn til å tru
at det finnest noko vakkert ved meg
for når eg ser meg i spegelen, tenkjer eg
er eg verkeleg så stygg som dei seier?

er eg verkeleg så stygg som dei seier?
for når eg ser meg i spegelen, tenkjer eg
at det finnest noko vakkert ved meg
og eg har ingen grunn til å tru
at eg ikkje fortener å verte elska
for uansett er det slik
at eg likevel er verd å elske
og ingen ting av det du seier kjem til å få meg til å tru
at eg er ein verdlaus, forferdeleg person
så vær viss på at eg vil minne meg sjølv om at
det er det gode inne i oss som tel
og eg kjem ikkje til å narre meg sjølv ved å seie at
eg hatar meg sjølv på alle vis
for når alt kjem til alt :
eg er ein vakker og god person
så prøv ikkje å overtyde meg om at
eg er stygg

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.

Eg synest biletet over teksten passa så godt. Informasjon om biletet finn du ved å peike og klikke her.

 

Abdullah Shoaib : Pretty Ugly