Ansel Adams ( 1902 – 1984 ) er for meg den analytiske estetikaren. Bileta hans er vakre og teknisk briljante. Mange av dei var tekne med storformatkamera.

Når ein nytta storformatkamera, var ikkje filmen på rull som i eit småbiletkamera. I staden var den fotografiske emulsjonen lagt på «blad» som vart eksponert eitt og eitt og seinare framkalt eitt og eitt. Dette utnytta Ansel Adams til å lage eit system for tilpassing av eksponering og framkalling av det einskilde filmbladet, basert på måling av kontrasten i motivet.

Dette systemet, kalla sonesystemet, er blitt mykje nytta av fotografar for å få til ei best mogleg utnytting av toneomfanget i film og fotopapir.

Det er også på sin plass å nemne at han gjorde eit stort arbeid for å gjere fotokunst «stoverein», og han har ein stor del av æra for at det vart etablert ei eiga fotoavdeling i Museum of Modern Art i New York.

Ein stor del av produksjonen til Ansel Adams var natur- og landskapsbilete. Det avspeglar noko av det Adams var mest oppteken av : naturen og miljøet. Han var ein ivrig miljøforkjempar.

Av omsyn til opphavsretten ynskjer eg ikkje å publisere bilete av Ansel Adams her. I staden har eg sett opp nokre peikarar til sider der du kan lese meir om Ansel Adams, og sjå på nokre av dei fantastiske bileta han tok.

National Archives – Records of the National Park Service.

Her er eit rikhaldig tilfang av bilete frå 30- og 40-talet. Ikkje alle bileta er like godt attgivne.

The Ansel Adams Gallery

Dette er heimesida til The Ansel Adams Gallery, som mellom anna sel autoriserte kopiar av Ansel Adams sine fotografi. Her kan ein finne gode attgjevingar av mange av dei mest berømte bileta til Ansel Adams.

Spansk

Ansel Adams – den analytiske estetikaren