Eit dikt som har kryssa vegen min nokre gongar i det siste, er skrive av forfattaren Bente Bratlund. Grunnen til at eg har møtt dette diktet så ofte, er at svært mange har delt det på Facebook.

Eg forstår dei som har villa dele diktet med andre, for det er eit vakkert dikt. Eg trur Bente Bratlund her har evna å kle kjensler som ikkje alltid er så lette å uttrykkje, i ord som mange kan føle kunne vore deira eigne.

eg elska deg frå du var ei spire
under brystet mitt
og eg enno ikkje visste kven du var
eg elska deg frå dei la deg
på brystet mitt
og eg kunne stryka deg over kinnet
stryka over dei små hendene
telja fingrar og tær
eg elska deg gjennom dagar og netter
der eg fekk halda deg mot meg
og gi deg trøyst og varme
eg elska deg gjennom stunder der du
rykka i banda mellom oss og
eg elska deg då eg måtte sleppa deg fri
og la deg gå din eigen veg
eg elskar deg så lenge det er pust i meg
så lenge eg fins kviler du i brystet mitt
og etterpå vil min kjærleik liggja att
som ei venge om deg for alltid alltid
du er det kjæraste livet har gitt meg

Innleiinga av diktet gjev det eit kvinneperspektiv. Men det finnes også menn som seier om lag det same. Eit flott døme på dette er Oscar Danielson sin song «Bersvärjelse». Lytt gjerne til han også.

Den som vil verte kjend med fleire av dikta til Bente Bratlund, kan kome til Facebooksida hennar ved å peike og klikke her.

Biletet øvst på sida er eit utsnitt av eit måleri av Vincent van Gogh. Meir informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.

Bente Bratlund : Eg elska deg