For ei tid attende vart eg gjort merksam på ein artikkel i Vårt Land sin verdidebatt.no. Det var «Puritanerne», skriven av Olav Rune Ekeland Bastrup. Eg likte dårleg det eg las, av fleire grunnar. Men artikkelen ga meg noko å tenke på.

Ladies Chapel, Ely

I 1973 fekk eg høve til å vitje Ladies Chapel ved katedralen i Ely, sjå biletet til venstre. Dette kapellet vart påbegynt i 1321, og er eit vakkert rom slik det framstår i dag. Men det har vore langt vakrare: Det var i si tid utsmykka med flotte statuar, og veggane var utstyrt med detaljerte relieff i stein. Ein veit også at det var store, fargerike glasmaleri i vindauga – delar av desse er framleis tekne vare på.

Men i reformasjonstida på 1500-talet vart dei store statuane fjerna og relieffa meir eller mindre øydelagte. Dette skjedde som ein del av ein kampanje for å få bilete ut av kyrkjeromma, og dette var i tråd med samtidig praksis mange andre stader i Europa.

Øydelagt altertavle, Utrecht

Biletet attmed syner ei altertavle frå Jan van Arkel-kapellet i domkyrja i Utrecht. Denne vart øydelagt på same måte som relieffa i Ladies Chapel, omtrent på same tida, og med same grunngjeving: Dette meiner vi er galt, så det må vekk.

Heller ikkje i vår tid er biletøydeleggjing ukjende fenomen. I 2003 kunne ein på TV sjå ein statue av Saddam Hussein verte velta over ende, til stor jubel for dei som var til stades. I 2007 vart det store buddharelieffet i Jahanabad-dalen i Pakistan øydelagt av Taliban – sjå biletet øvst på sida. (Kva som skjedde vidare med dette monumentet kan ein forresten lese ved å peike og klikke her.) Og i 2016 kunne ein sjå videoar og fotografi av IS-tilhengjarar som gjekk laus på og totalt øydelela nesten 3000 år gamle statuar i Nimrod, den gamle hovudstaden i Assyrarane sitt rike.

Felles for dei som stod bak øydeleggjingane i Nimrod, i Jahanabad-dalen, i Bagdad, i Utrecht, i Ely, og over alt elles der denslags har funne stad, er at gjerningsmennene ynskte å usynleggjere symbol for noko dei sjølve tok avstand frå. Og dei gjorde det ved å fjerne dei eller øydeleggje dei.

Det er ikkje mi meining å forsvare det dei gjorde. Men eg trur dei fleste som ser det triste resultatet av øydeleggjingane, vurderer gjerningane deira på ein annan måte enn dei gjer sjølve. Eg trur ikkje det var lyst til å øydeleggje som var motivasjonen deira, men ei overtyding om at dei gjorde det som var rett.

Også i vårt samfunn ser vi krefter som ynskjer å usynleggjere delar av kulturarven vår, etter det eg kan forstå av same grunn som biletstormarane : Dei vil ha vekk noko dei sjølve ikkje likar. Og dei vil ha det vekk, av di dei meiner det er rett at det forsvinn.

Eg kan ikkje slutte meg til Olav Rune Ekeland Bastrup si skildring av desse som etter hans meining er dei ivrigaste biletstormarane. Til det er skildringa for unyansert. Men det går ei linje frå dei som i si tid øydela statuane i Ely til dei som vil fjerne religiøse klesplagg frå det offentlege rom, og til dei som kjempar for ei nedtoning av det kristne innhaldet i jula. Det som er felles, er at dei ynskjer å fjerne uttrykk for det dei sjølve ikkje likar eller kan identifisere seg med.

Det som skil, er verkemidla. Ein kan ikkje samanlikne det å knuse ein statue med det å argumentere for endring av ordningar med julegudstenester, eller mot at folk nyttar religiøse symbol i arbeidstida.

Men om resultatet verkeleg skulle verte at den kristne dimensjonen på julefeiringa vart borte, og at folk ikkje lenger kunne bruke symbol som synte kva religion dei kjenner seg knytt til, så trur eg at det ville blitt vurdert på same måte som resultatet av biletstorminga : Eit tap for vår felles kulturarv og mangfaldet i den.

Biletstormarar, biletleg tala