Dette er musikk med eitt bein i mange leirar, i ei spanande innspeling.

Tolvskillingsoperaen, med libretto av Bertolt Brecht og musikk av Kurt Weill, er ein underleg kombinasjon av tradisjon og nyskaping. Han byggjer på eit teaterstykke frå 1700-talet – «The Beggar’s Opera» av engelske John Gay. Dette stykket var i si tid laga som eit slags motstykke til den tids «finkulturelle» operaframsyningar. Og på same vis kan ein seie at Tolvskillingsoperaen av Brecht og Weill er eit stykke som heller ikkje heilt fylgjer den slagne landeveg:

Ingen av songarane var trente operasongarar. Orkesteret, som ikkje var plassert i ei orkestergrav men direkte på scenen, var sett saman av musikarar frå danseensemble. Musikken dei spelte, var mykje lik den tids populærmusikk –  noko som var heilt i John Gay si ånd; han nytta populære songar som materiale for sin musikk.

Framsyninga, som hadde sin premiere 31. august 1931, vart ein vellukka miks av ulike stilar og sjangrar. Stykket vart den største teatersuksessen under Weimarrepublikken, med meir enn 350 spelte framsyningar på to år.

img016Det finnest fleire innspelingar av dette verket. Dei kan vere litt ulike, av di stykket vart bearbeidd etter premieren. Eg kan ikkje hevde å ha høyrt dei alle. Men innspelinga som her vert presentert, publisert på RCA Red Seal, har eg hatt stor glede av. To viktige grunnar til det er to av hovudrolleinnehavarane. Rolla til Macheath, også kjend som Mackie Messer, vert spelt av songaren Max Raabe. Han er spesialist på underhaldsningsmusikk frå mellomkrigstida, og ein songar med ein særmerkt stil som står godt til musikken. Rolla til Celia Peachum vert spelt av Tyskland si eiga punkdronning Nina Hagen. Stilmessig er ho truleg eit stykkje frå uttrykket til Kurt Weill, men eg synest måten ho framfører songane på kler musikken på ein særskilt måte.

Og dei øvrige songarane, saman med Ensemble Modern frå Frankfurt sitt kor og orkester, gjer denne innspelinga til ei god og interessant oppleving.

Nedunder er ein peikar til eit innslag frå denne innspelinga. Her kan ein høyre Max Rabe i fri dressur.

 

 

Brecht/Weill: Tolvskillingsoperaen