«This is the most shocking video you will ever watch…», vart det påstått av dei som hadde laga videoen. Men det var slett ikkje filmen som sjokkerte mest.

150916_Britain_FirstOppfordringa om å sjå videoen låg på Facebooksida mi, og var lagt ut der av ein kar eg kjenner godt som ein dyktig og triveleg og velmeinande kar. Så eg fylgde oppfordringa, og sette meg ned for å sjå videoen. Innhaldet i han sjokkerte meg ikkje, men gjorde meg litt trist – og litt provosert.

Det vi vart presentert for her, var ein serie med tilsynelatande seriøse påstandar om ei utvikling i Europa som ville ende med forferding dersom ein ikkje gjorde noko for å hindre – og helst reversere – muslimsk innvandring. Det var ikkje måte på kor ille ute Europa og europeisk kultur ville vere, dersom ein ikkje endra praksis med omsyn til innvandring frå muslimske land.

No skal eg ikkje bruke så lang tid på det «saklege» innhaldet i videoen. Men eg konstaterer at ingen av opplysningane som kom fram i filmen hadde kjeldehenvisningar, og då eg tok nokre få stikkprøvar for å få verifisert i det minste ein eller to av opplysningane i videoen, fann eg ingen pålitelege kjelder som kunne bekrefte påstandane som var sette fram.

Men eg legg til grunn at eg i alle fall må kunne stole på at det oppgitte namnet på opphavsmennene er korrekt. Det er ein høgre-ekstrem organisasjon som kallar seg Britain First, ein organisasjon eg til no har visst lite om. Difor googla eg etter informasjon om han. Her er noko av det eg fann – peikarar til informasjonen finn du i feit tekst i linjene nedunder:

På organisasjonen si heimeside kan ein finne ut kva organisasjonen seier om seg sjølv.
Her kan du lese kva som står om organisasjonen på engelsk wikipedia.
Den engelske avisa The Guardian skreiv i februar ein artikkel om Britain First.

Ynskjer du meir informasjon, er det berre å google namnet på organisasjonen og lese i veg. Lukke til….

Kva var det så som gjorde meg litt trist, og litt provosert? Svaret finn du i raud rame på biletet over.Ynskjer du å sjå nærare på biletet, kan du peike og klkke på det. Over seks millionar menneske har sett dette tullet. Og sosiale media vert brukt til å distribuere det til stadig fleire.

Biletet øvst oppe er henta frå eit takmåleri, og framstiller ein kamp mellom ein muslimsk og ein kristen krigar. Gamle fiendebilete vert som nye. Meir informasjon om biletet finn ein ved å peike og klikke her.

Britain First ? No – truth first !