Dersom det vert mykje informasjon på ei heimeside, kan det vere naudsynt å gjere noko for at informasjonen skal verte lettare å finne.

I WordPress er det mogleg å sortere informasjonen emnevis, ved å knyte innlegga til ein kategori eller fleire. WordPress let deg lage dei kategoriane du vil, og kalle dei det du vil. Dette treng ikkje gjerast ferdig før ein tek sida i bruk. Treng du ein ny kategori, er det berre å lage han.

Etterpå kan ein hente fram att innlegga ved å leite etter innlegg i ein eller annan kategori. Til dette nyttar eg ein plugin som heiter Content Views. Det denne vesle hjelparen gjer, er å lage peikarar til innlegg av ein gitt kategori og lage eit oversyn over desse peikarane på ei side eller i eit innlegg.

Eit døme på eit slikt oversyn finn du på sida om plugin-ar. Truleg er det der du kom frå, og du brukte då ein peikar i oversynet som vart laga av Content Views for å kome hit.

Ved hjelp av Content Views kan du til ein viss grad sjølv bestemme korleis eit slikt oversyn skal sjå ut. Eit døme på ei anna utforming av oversynet finn du på denne sida. Utformingane er laga i gratisversjonen av Content Views. I betalingsversjonen finnest fleire måtar du kan justere utsjånaden på.

Biletet øvst syner ein annan som er god på å finne informasjon – ein bibliotekar frå Marrakesh, Marokko. Meir informasjon om biletet finn du ved å peike og klikke her.

Content Views