I dag måtte eg hive ein bukett med påskeliljer på dør. Men fyrst vart dei fotograferte.

Det er fascinerande – og litt trøystefullt – å sjå at det går an å eldast med stil.

Oppsettet for fotografering var heilt enkelt : Kamera med makroobjektiv på stativ, manuell fokusering og sjølvutløysar. Lyskjelder var dagslys og lys frå lyslist under kjøkkenskåpa. Ingen biletmanipulering ut over at det er gjort utsnitt som har fått ein kant med farge henta frå biletet, og at utsnitta er ramma inn i ein svart, kvadratisk passepartout.

Daffe daffodillar