Dette innlegget er skrive den 4. september 2015, i sinne og frustrasjon over det Christian Tybring-Gjedde, stortingsrepresentant frå Framstigspartiet, Oslo, ga uttrykk for i eit innslag i Dagsnytt atten.

Eit kjernepunkt i innlegget hans, som ein kan sjå ved å peike og klikke her, var ein påstand om at media driv ein kvalmande propagande som har som føremål å trumfe gjennom ein slags tvungen norsk aksept for å ta imot flyktningar ved å spele på folk sitt dårlege samvit.

Om dette må eg berre seie at det for meg verkar som om mannen ikkje evnar å skilje mellom omgrepa «empati» og «dårleg samvit».

Han gjer seg også til talsmann for dei han hevdar er mange som fryktar at vår norske kulturarv vil gå til grunne dersom ein tillet for mange med ein annan kulturbakgrunn å busetje seg i landet vårt.

Om dette vil eg seie fylgjande :

Kultur har alltid vore i endring, både i Noreg og i alle andre land. Eit døme på dette: I dag er det neppe nokon som vil protestere på ein påstand om at Åge Aleksandersen er ein flott representant for norsk kultur. Men sjangeren til musikken han lagar, kom til Noreg for ganske nøyaktig seksti år sidan, og det er berre dei siste tretti åra at rock har vore sett på som nokonlunde «stovereint» som kulturelt uttrykk i landet vårt.

Kulturen vår har alltid vore påverka og blitt endra av impulsar utanfrå – eit døme på dette kan ein finne ein annan stad på heimesida mi. Og det er ingen ting som tilseier at den situasjonen er i endring. Med andre ord: Kulturen vår slik vi kjenner han i dag, vil nok verte endra anten Christian Tybring-Gjedde bifallar det eller ikkje.

Eg vil også seie at dersom omsynet til bevaring av norsk kultur skal få oss til å agere som barbarar, ja, så er det truleg til det beste for alle partar at det skjer ei radikal endring av den norske kulturen. Men eg har ei tru på at folk flest i Noreg kjenner seg meir i ett med Fritjof Nansen sitt syn på folk som har trong for vår hjelp, enn med det synet Tybring-Gjedde målber.

Og eg har den trua om vår norske kulturarv at han er verdfull og rik nok til at han klarar seg godt i ei stadig meir pluralistisk tid – i alle fall om vi hegnar om han ved å støtte opp om kulturelle aktivitetar og kulturelt arbeid i samfunnet vårt.

 

Biletet av Christian Tybring-Gjedde er teke av Bård Gudim, for frpmedia,
og er attgitt i tråd med retningslinene for publisering av biletet.

«Dei framande» – kulturen vår og kulturen deira