Vi får stadig påminningar om at måten vi brukar jorda sine ressursar på, kan ha negativ påverknad på klimaet. Slike påminningar treng vi truleg.

Fyrste gongen eg høyrde om samanhengen mellom menneskeleg aktivitet og klimautvikling, var i 1970, i eit foredrag av professor i meteorologi ved Universitetet i Bergen, Kåre Utåker. Nokon ny påstand er dette soleis ikkje.

Sidan den gong er bodskapen blitt gjenteken, gong etter gong, år etter år, og av stadig fleire.

Og like sikkert som at einkvan fortel oss at levemåten vår har uheldig påverknad på klimaet, kjem andre og fortel at klimaet i større grad vert påverka av andre faktorar enn dei menneskeskapte, så vi treng ikkje endre levemåten vår.

Kven har rett? Eg veit ærleg tala ikkje.

Men eg har prøvd å gjere ei lita og temmeleg uvitskapleg sortering av kva faktorar som kan påverke klimaet vårt, og har funne denne grovinndelinga :

Ytre påverknad frå verdsrommet er ein klimafaktor. Dette handlar om slikt som sola sin påverknad, og om det som elles måtte treffe jorda, til dømes i form av større eller mindre faste lekamar. Vi veit at jorda tidlegare har gjennomgått klimaendringar grunna slike hendingar.
Ein annan klimafaktor er indre påverknad frå jorda sjølv, til dømes i form av store jordskjelv og/eller vulkanutbrot.
Og så var det dette med menneskeskapte endringar, som skuldast eit ikkje berekraftig forbruk av energi og andre ressursar.

Dei to første faktorane kan vi ikkje gjere stort med. Den siste, derimot, kan påverkast av oss, og truleg bør han det. For det er sluttsummen som til sjuande og sist tel.

 

Det er sluttsummen som tel