For litt sidan delte eg på Facebook nokre tankar om det å verte pensjonist. Grunnen var at eg var i ferd med å gå over i pensjonistane sine rekkjer.

Eg har ikkje hatt høgare respons på noko anna eg har delt på Facebook. Eg fekk ei rekkje «likes» attende, og mange gode og velmeinte kommentarar. Det varma, og gjorde meg takksam.

Utan samanlikning for øvrig : Den nest mest delte saka eg har lagt ut på Facebook, var ein liten bulletin om at hanen vår var daud.

Men eg har lagt ut andre saker på Facebook også :

  • 17. januar delte eg eit opprop frå Amnesty om homofile som vart torturerte til døde i Tsjetsjenia, og oppfordra alle til å dele og signere eit opprop mot dette.

  • 24. april delte eg eit opprop frå Amnesty om avrettingar i Saudi-Arabia, og oppfordra alle til å dele og signere eit opprop mot dette.

  • 18. juni delte eg eit opprop frå Raudekrossen om born som vart sende frå Noreg til Afghanistan, og oppfordra alle til å dele og signere eit opprop mot dette.

  • 18. september delte eg eit opprop frå Raudekrossen om born med norsk statsborgarskap som er internerte i syriske konsentrasjonsleirar, og oppfordra alle til å dele og signere eit opprop for å få dei heim.

  • 17. oktober delte eg eit opprop frå Amnesty om Magai Matiogo Ngong, som då han var femten år vart dømd til døden ved henging i Sør-Sudan, og oppfordra alle til å dele og signere eit opprop mot dette.

Ein skulle tru at folk som engasjerer seg i ubetydelege saker som at ein 67-åring vert pensjonist, eller at ein hane går hen og døyr, verkeleg skulle stå opp for dei sakene som eg nemnde. Men nei.

Ut frå responsen eg har fått på desse innlegga, har engasjementet vore relativt lågt. Eg kan sjølvsagt vone at fleire enn dei som ga meg attendemelding, har teke seg bryet med å engasjere seg. For eg reknar sjølvsagt med at dei som les det eg skriv på heimesida mi og på Facebook, er menneske med evne til empati og vilje til å gjere det gode.

Mitt håp er at de nyttar desse gode eigenskapane dykkar til å hjelpe menneske som står i ein heilt annan situasjon enn vår ved å låne dei dykkar stemme.

Og det er lov å håpe, er det ikkje?

Det handlar om å bry seg