Å skubbe ubehagelege sanningar om andre menneske under teppet, kan vere å syne ringeakt for dei.

Nyttårsaftan 2015 var det noko som gjekk frykteleg galt i Köln. Mange kvinner som skulle feire inngangen til det nye året på plassen framfor Kölnerdomen, opplevde å verte trakassert på det grovaste. Dei vart omringa av menn som utsette dei for seksuelle overgrep og som rana mange av dei. Det kunne sjå ut som om dette var ein organisert aksjon.

Og politiet i Köln gjorde noko som i ettertid viste seg å vere svært uklokt : Dei prøvde å leggje lok over det heile.

Seinare har det vist seg at det som skjedde i Köln ikkje var eit eingongstilfelle. Nokonlunde det same skjedde i Stockholm på ein musikkfestival sommaren 2015. Og det skulle ikkje forundre meg om det dukkar opp fleire slike lik frå skap rundt om.

Det kan sjå ut som om overgrepa vart utført av unge menn frå Midtausten eller Nordafrika. I kjølvatnet av hendingane har det kome fram at det kan vere vanskeleg for desse å omstille seg til eit miljø der det er sjølvsagt at kvinner skal kunne bevege seg like fritt som menn. Ein innsiktsfull liten artikkel om dette vart publisert på NRK si heimeside den 16. januar. Du kan lese han ved å peike og klikke her. Den kan gi ei mogleg forklåring på det som skjedde, men ingen unnskyldning for det.

Og i ettertid ser vi at mange har ynskt å profittere på det som har skjedd. Mange stader har innvandringsskeptikarar nytta hendingane som døme på korleis det kan gå med så mange innvandrarar som går laus i gatene, og vore temmeleg krasse i kritikken sin – både mot innvandrargruppene og mot styresmaktene.

Eg ser heller ikkje vekk frå at også andre kan sjå seg tente med det som har skjedd. Eg tenkjer då på dei som arbeider aktivt for radikalisering. For desse må denne situasjonen vere den reine gåvepakka.

Så kva gjer vi?

Det fyrste er at vi må slå fast at det som skjedde med desse kvinnene, er fullstendig uakseptabelt. Det er uakseptabelt, uansett kven som står bak ugjerningane. Både kvinnene og samfunnet elles må forvente at alt vert gjort for at dei som gjorde desse ugjerningane, vert stilt til ansvar for det.

Og ingen må vere i tvil om kva reglar som skal gjelde for omgang mellom menneske i landet vårt. Dette må formidlast på ein slik måte at ingen skal vere i uvisse om det. Og det må verte gjort klårt frå fyrste stund at brot på desse reglane har konsekvensar.

Det handlar om  å informere om og å stille krav til folk si åtferd. Og det å stille krav er å ta folk på alvor. Ein skal ikkje vere redd for å stille krav.

Men det handlar også om å formidle kunnskap, både gjennom informasjon og gjennom praktisk veremåte. For vår eigen veremåte er viktig her. Korleis skal vi vente at folk skal respektere det vi står for dersom vi ikkje kan respektere dei, og gi uttrykk for at vi gjer det ? Og kan vi med handa på hjartet hevde at ingen norske menn har tedd seg slik som overgriparane her har gjort ? Kva førebilete er vi ?

Og korleis skal vi kunne formidle dette dersom vi ikkje er villige til å søkje dialog gjennom samkvem med dei?

Biletet på toppen av sida : Dette biletet vart teke i 1866 av Julia Margaret Cameron. Ho kalla det «Dialog». Meir informasjon om biletet finn ein ved å peike og klikke her.

<< Kva forventningar har vi ? Kva signal sender vi ? Til innleiinga >>
Det handlar om å ta kvarandre på alvor