I alle media finn ein mange ulike debattar og ordskifte. Mange av dei ha ein nokså høg temperatur. Er det alltid av det gode?

150905_Illustrasjon_Lars_GuleOfte ser ein at den høge temperaturen skuldast debattantane sitt engasjement for saka dei diskuterer. Men minst like ofte ser ein at temperaturen aukar av di ein eller fleire av debattantane kjenner seg provosert av motstandar, og let kjensla av å vere provosert styre innhaldet i det som vert skrive eller sagt. Og i nokre diskusjonar kan ein finne innlegg som får ein til å tru at dei kan hende er utforma slik dei er med det eine føremålet å provosere.

I mange tilfelle genererer dette ein form for støy som gjer det vanskeleg å få tak i det som kanskje er substansen i det ein diskuterer. Det er ikkje lett å lytte til nokon i eit støyfylt rom. Og skal ein ha nytte av det andre måtte gi uttrykk for, må ein vere i stand til å lytte til det dei seier.

I eit innlegg på Vårt Land sin verdidebatt.no har Lars Gule ei svært klok betraktning over dette, der han formanar folk om å besinne seg. «Besinnelse forutsetning for et livssynsåpent samfunn,» hevdar han her.

Eg trur han har heilt rett. Eit offentleg ordskifte som er prega av at folk skrik til kvarandre eller brukar store ord, er eit dårleg utgangspunkt for ein meiningsfull samtale. Men å be folk besinne seg, er å be dei agere med folkeskikk. «Less is more,» er eit uttrykk som er meir enn 150 år gamalt, men like aktuelt. Det er når vi skrur lyden litt ned at vi betre høyrer nyansane.

Det kan vere klokt å besinne seg