Sjølv om det enno ikkje er klårt korleis den endelege samansetjinga av den nye kyrkjemøtet vert, levna valresultatet etter kyrjevalet i 2015 liten tvil : Ei av dei store kampsakene i dette valet – spørsmålet om kyrkjeleg vigsel av likekjønna par – vil finne sitt utfall. Høgst sannsynleg vert det våren 2016 gjort vedtak om innføring av vigselsliturgi for desse.


For å tone flagg med ein gong : Dette er eg svært glad for, av fleire grunnar.

Eg synest det er fint at alle som dette er viktig for, skal kunne inngå ekteskap i kyrkja, uansett legning. For eg trur at slik vi er skapte, slik skal vi få lov til å vere, og vi skal få lov å tru at vi kan kome til Guds hus slik vi er.

Eg trur også at det vil gagne kyrkja at ho ynskjer alle velkomne også i ein slik samanheng. Det er godt for kyrkja å kunne vere ein synleg stad for alle i alle deira livssituasjonar, både i vonde og gode dagar.

Utsnitt av "Klosteret i eikeskogen", av Caspar David Friedrich.
Utsnitt av «Klosteret i eikeskogen», av Caspar David Friedrich.

Samstundes ser eg tydelege teikn på at mange konservative kristne har vanskar med å akseptere dette utfallet. Einskilde meiner at det er problematisk at oppslutnaden om kyrkjevalet er blitt så stor, av di dette fører med seg at også mindre aktive medlemer i kyrkja kan påverke kyrkja sin teologiske profil. Ein av desse er Espen Ottesen i Norsk Luthersk Misjonssamband. Kva han meiner, kan ein lese ved å peike og klikke her.

Eg røpar neppe nokon stor løyndom ved å påpeike at eg er svært usamd med Ottosen, både av di eg trur det er feil og praktisk umogleg å skulle skilje mellom medlemer etter aktivitetsnivå, og av di eg ikkje er samd i at å opne for vigsling av likekjønna er i strid med den kristne truslæra.

Andre er tydelege på at det kan vere på tide å revurdere kva tilhøve ein skal ha til Den norske kyrkja. For nokre kan utmelding vere eit mogleg alternativ.

Eg vonar dei besinnar seg, og kan vere med meg på eit tankeeksperiment : Sett at resultatet av kyrkjevalet var blitt eit anna, ville dei då rå meiningsmotstandarene sine til å forlate kyrkja?

I tida som kjem, vert det viktig å byggje bruer mellom dei store og tydelege fraksjonane i Den norske kyrkja. Det burde vere mogleg, og det er rett av oss å prøve. For det er tross alt meir som sameinar oss enn som skil oss.

Får vi det til, vil eg hevde at det vil lysne for alvor!

 

Det lysnar – takk og lov! Men heilt lyst er det enno ikkje.