Då eg søkte på internett etter noko heilt anna, nærmast snubla eg over teikninga som er attgitt her på sida. Teikninga fortalde noko som eg gjerne vil dele.

160623_Latuff_2011Ho syner det egyptiske flagget, og opp av flagget stig to personar, ein representant for kristendommen og ein for islam.

Eg veit sjølvsagt at situasjonen ikkje er slik som biletet antyder. Det er til dels store motsetningar mellom muslimar og kristne i Egypt. Og slik er det i dei aller fleste landa i Midt-Austen no for tida. Det er ein reell fåre for at kristendommen vert utradert frå området der han ein gong i tida oppstod. Og måten dette skjer på, er i stor grad ved at dei kristne vert utraderte, eller i det minste drivne på flukt.

Dette er noko vi ikkje skal akseptere. Det skal ikkje vere slik at folk vert trakasserte, forfulgde eller drepne på grunn av trua si, korkje i Midt-Austen eller andre stader.

Men kva skal vi gjere ? Truleg vert det viktig å få problemstillinga tydeleg fram på sakskartet og stille krav når politikarane våre involverer landet vårt i den uroen som er i området, ved å involvere oss militært i konfliktene der.

Og så bør vi kan hende lytte litt til dei som til eikvar tid ynskjer å hjelpe folk i «nærområda» sine. For bak dei ugjerningane som religiøse minoritetar vert utsette for, ligg der krefter som vi ikkje er framande for i landet vårt heller.

Det stygge namnet på fenomenet, er «framandhat». Dette er noko vi bør gjere felles front mot, her i vårt eige land. For vi kan kanskje forvente større gehør for at vi påpeikar skiten på naboen si trapp, når vi har feidd rein vår eiga.

Teikninga på denne sida er laga av den brasilianske politiske teiknaren Carlos Latuff. Ein kan lese meir om han ved å peike og klikke her. Informasjon om teikninga kan ein lese ved å peike og klikke her.

 

 

Det må vere lov til å drøyme…