“For those of you in the cheap seats I’d like ya to clap your hands to this one; the rest of you can just rattle your jewelry!”

Dette skal vere sagt av John Lennon, ein gong The Beatles opptrådde på ein veldedigheitskonsert der medlemer av den britiske kongefamilien var til stades. Ein satirisk kommentar til eit samfunn der einskilde kan velte seg i luksus, samstundes som det er naudsynt å arrangere konsertar til inntekt for folk som ikkje har det dei treng.

For nokre dagar valde eg å dele eit innlegg på Facebook. Det var eit bilete av Danmarks Dronning Margrethe i full galla, med diadem, øyrepynt, halsband og ordensbrosjar. Biletteksten var : «Ja, det er korrekt. Vi modtager bistand selv om vi har smykker.» Frå mi side var ikkje dette meint som noko angrep på majesteten. Eg har faktisk stor sans for dama, ikkje minst med tanke på det ho har prestert som bildande kunstnar. Men eg synest dette var ein ramsalt og tankevekkjande kommentar til den danske praksisen med å gjere flyktningar som kjem til Danmark «sjølvfinansierte» ved å konfiskere verdiar for meir enn 10.000 danske kroner. Og det kan også vere ei god påminning for oss her på berget, som har ei lovgjeving som heimlar ein endå strengare praksis.

Marinus van Reymerswaale : Pengevekslarane
Marinus van Reymerswaale : Pengevekslarane

Kva er det då som er så ille med å forvente at folk som nyter godt av våre ressursar gjer opp for seg? I utgangspunktet ingen ting – bortsett frå at ein må sjå litt på samanhengane her :

I ein kronikk i Aftenposten den 27. januar – les den ved å peike og klikke her – går Hanne Sofie Greve litt inn på kva rettar flyktningar har i høve opphald i landet dei kjem til. I motsetnad til dei mange som framstillar alle flyktningar som nokre som kjem hit for å bli her permanent, er ho klår på at hovudregelen er at flyktningar skal attende til heimlandet når tilhøva ligg til rette for det. Då er det etter mitt syn meiningslaust å skulle ta frå dei verdiar som dei vil kunne trenge for å byggje seg opp eit nytt tilvære i det som eigentleg er heimlandet deira.

Men kva med dei som ikkje vender attende, men vert her ? Skal ikkje dei bidra til samfunnet ? Jau, sjølvsagt skal dei det. Og det gjer dei, gjennom eigen innsats og deltaking i samfunnet vårt. Dei og etterkomarane deira vert som oss andre, yter til fellesskapet som oss andre, får ytingar frå fellesskapet som oss andre.

Dermed vert også samanlikninga med ytingar frå NAV så urimeleg. Det er (nesten) korrekt at NAV stiller krav om realisering av eigne verdiar før ein kan få ytingar frå NAV-systemet. ( Atterhaldet som kjem til uttrykk i «nesten» går på at dersom dette kan medføre støre utgifter for NAV, kan andre løysingar verte brukt. ) Men desse krava er dei same for alle som treng NAV si hjelp, uansett bakgrunn.

Slik eg ser det, handlar ordninga om inndraging av midlar for flyktningane om å gjere landet minst mogleg attraktivt å søkje tilflukt i. «Dess jævligare, dess betre» ser ut til å vere mottoet. Det er ikkje berre flyktningar og asylsøkjarar som bør kjenne seg utilpasse med denslags arrangement.

Litt om bileta : Toppbiletet er eit utsnitt av biletet «Pengevekslarane» av den nederalandske målaren Mirinus van Reymerswaale. Heile biletet er attgitt inne i artikkelen. Ved å peike og klikke på biletet kan ein sjå ein større versjon av det. Snakk om å gi grådigheit eit ansikt – for ikkje å seie to! Informasjon om målaren kan ein finne ved å peike og klikke her.

Diamantrasling og andre ulydar