Det er kan hende ikkje så veldig mange som veit kven Doménikos Theotokópulos var. Truleg er det fleire som kjenner til namnet El Greco ( Grekaren ) som var oppnamnet denne målaren fekk i sitt andre heimland, Spania.

Sjølv har eg kjent til mannen og det spanske oppnamnet hans sidan eg begynte å interessere meg for kunsthistorie for snart femti år sidan. Men sant å seie brydde eg meg lite om kunsten hans. Eg oppfatta den som litt primitiv, på grensa til det vulgære. Ikkje forstod eg kva det var med desse måleria som gjorde at interessa for målaren har halde seg heilt fram til våre dagar.

Men dette endra seg totalt for nokre få år sidan : I 2014 var kona mi og eg turistar i Toledo, der El Greco budde storparten av det vaksne livet sitt. I høve 400-årsminnet for hans død var det laga ei praktfull utstilling som synte livet og kunsten hans. Der og då forstod eg kva eg hadde gått glipp av i meir enn førti år : kjennskap til kunsten til ein heilt fantastisk målar.

Største opplevinga av av El Greco sin kunst fekk eg likevel i katedalen i Toledo. Han har måla altarbiletet i sakristiet – dette er attgitt her. Peik og klikk på det for å sjå det i ein større versjon.

Utgangspunktet for biletet er lidingssoga slik ho er framstilt i evangeliet etter Markus. Det syner Jesus når dei reiv av han ei purpurkappe som var blitt sveipt inn i. Sakristiet er eit praktfullt dekorert rom. Likevel dominerer altarbiletet rommet fullstendig. Eg har etter kvart oppdaga at bileta til El Greco ofte gjer akkurat det.

Men El Greco meistra også kunsten å måle portrett. Her er attgitt eit av dei mest kjende portretta hans, av ein adelsmann med handa på brystet. Peik og klikk på det for å sjå det i ein større versjon. 

Biletet heng i Pradomuséet i Madrid, og då eg såg det for fyrste gongen, slo det meg kor levande denne adelsmannen framstod. På nært hald kan ein sjå ei penselføring som kan verke litt «rufsete» og upresis. Med litt avstand vert portrettet så livaktig at ein nesten får lyst til å prate med mannen som heng der på veggen.

Denne evnen til å skape liv i figurane på bileta har El Greco teke med seg inn i mykje av den religiøse kunsten sin. Men dei religiøse bileta hans rommar langt meir enn det. Dette vil eg skrive om i ein annan artikkel.

Biletet oppe på sida er eit utsnitt av eit mannsportrett som kan hende er eit sjølvportrett. Meir informasjon om dette biletet kan ein få ved å peike og klikke her.

Informasjon om altarbiletet frå Toledo kan ein få ved å peike og klikke her.

Informasjon om portrettet av adelsmannen kan ein få ved å peike og klikke her.

Doménikos Theotokópulos – det er heilt gresk for meg