«Birgit (89) fikk avslag – men nå kan en tom fløy bli flyktningebolig.» Dette er ein overskrift frå TrønderAvisa 27. januar 2016.

I artikkelen, som ein kan finne ved å peike og klikke her, vert det fortalt om åttini år gamle Birgit Berg som fekk avslag på søknaden om korttidsplass grunna plassmangel på Inderøy sjukeheim. Det provoserer borna hennar at det deretter vert gjort plass til åtte mindreårige flyktningari ein tom fløy på sjukeheimen. Dette er ein heilt forståeleg reaksjon.

Ikkje uventa har historia dukka opp på sosiale medier. «Har vi ikke råd til å ta oss av våre eldre/syke/pleietrengende så har vi heller ikke råd til å ta inn immigranter er eit sitat frå ein kommentar.

Det er her tankegodset knytt til dominoeffekten gjer seg gjeldande. Dominoeffekten går ut på at når ein stiller dominobrikker på høgkant tett attmed kvarandre og veltar ei, forplantar dette seg. Fell ei brikke mot den neste, vil alle brikkene etter kvart falle, ei etter ei, til dess alle er velta. Den første brikka er direkte «skuld» i at den siste brikka fell. No kan det sjå ut som om at mange har ei forestilling om at kjem det auka kostnader knytt til asylantar og flyktningar, så må det automatisk føre med seg at andre svake grupper får svi, som til dømes eldre/sjuke/pleietrengande.

Og det kan stemme. Men det ikkje vere slik. Dei felles midlane samfunnet vårt har til disposisjon skal fordelast på mange ulike føremål, og sjølv om ein ser at ein må no nytte meir midler innan eitt område enn ein hadde tenkt seg, kan ein ikkje utan vidare hevde at desse midlane vert tekne frå eit bestemt anna område. Fordeling av midlar skjer som eit resultat av politiske prioriteringar. Det er eit politisk ansvar å gjere slike prioriteringar, og det er politikarane som må svare for kvifor dei gjer dette.

Det er heilt legitimt å sloss for saker ein brenn for, til dømes for at tilhøva for eldre/sjuke/pleietrengande skal få eit verdig og tilfredsstillande tilbod frå det offentlege. Men å setje i utgangspunktet svake grupper opp mot kvarandre, er ikkje bra.

Ei lita oppdatering : Like etter at eg la ut denne artikkelen, dukka eit nytt innslag opp på facebooksida mi. Denne gongen var påstanden at situasjonen til flyktningane tok fokus frå situasjonen til dei heimlause.

Det er fint at folk også har fokus på heimlause – einskilde vil kanskje hevde at det var på høg tid. For det er vel ikkje slik at dei heimlause var fyrstesidestoff i media før flyktningane kom, heller?

Litt om toppbiletet : Det er lett å tru at dersom ei grøn dominobrikke fell, så fell alle dei andre grøne på den sida ho fell mot. Det same gjeld for dei kvite. Men stemmer det ? Det kan sjå ut som om dei inneste brikkene har sopass avstand til neste brikke at rørsla stoppar der. Og i så fall kan biletet stå som ei fin påminning om at det ikkje alltid er slik at auka utgifter til ei gruppe medmenneske MÅ gå ut over ei bestemt anna gruppe. Meir informasjon om biletet kan ein finne ved å peike og klikke her.

Dominoeffekten som argument i innvandringsdebatten