Drivhuseffekten er ein viktig faktor i mang ein diskusjon om klimautviklinga. Men kva er eigentleg denne effekten?

For min eigen del skal eg vere varsam med å prøve meg på definisjonar og forklåringar. Det overlet eg til dei som kan slikt, og som formidlar kunnskapen sin på ein måte som vi meir vankunnige kan forstå.

Difor var det kjekt å finne ein velskiven og rimeleg lettlesen artikkel om emnet på tekna.no. Artikkelen kan ein finne ved å peike og klikke her. Forutan at artikkelen peikar på ein del relevant informasjon og gjev han ei forklåring i eit folkeleg språk, er han eit fint springbrett til vidare lesing, om ein skulle ynskje seg det.

Artikkelen er skriven av Rasmus Benestad, som er klimatolog. Han har skrive mykje om emnet – og andre har skrive mykje om det han har skrive. Ikkje alle er samde med han. Sjølv skal eg ikkje opphøge meg til nokon slags dommar over faginnhaldet i det Rasmus Benestad skriv. Men han har mange spanande synspunkt til dette, og han er ein mann som ein bør lytte til, anten ein er heilt samd med han eller ikkje.

Eg trur det er viktig at folk som Rasmus Benestad skriv det dei gjer, og eg trur det er viktig at vi tek oss tid til å lytte. Til å lytte, og til å tenkje. Til å tenkje, og til å handle.

Klimautviklinga er ei problemstilling som angår oss alle. Ansvar for å gjere noko med problema har kvar og ein av oss. Dei store endringane er ofte summen av mange små. Eg har skrive litt om dette ein annan stad på heimesida mi – du finn dette ved å peike og klikke her.

 

Drivhuseffekten – eit hett tema ?