For litt sidan skreiv eg ein liten artikkel om grådigheit, med utgangspunkt i åtferda til ein norsk fotograf. No vil eg skrive om ein fotograf av det meir romslege slaget.

Fotograf med utsnitt av fasaden på Domen i Firenze.
Liten fotograf – stort motiv

Den sveitsiske fotografen Thomas Leuthard – ved å peike og klikke her finn du ein peikar til heimesida hans – har i løpet av ein del år teke og publisert ei rekkje fotografi i sjangeren «Street Photography» – gatefotografi. Mange av bileta han har publisert, er gjort delbare i tråd med retningslinene i Creative Commons – kva som ligg i dette omgrepet kan du få vite litt om ved å peike og klikke her.

I tillegg har han laga nokre e-bøker om gatefotografering som kvar og ein kan laste ned og lese, heilt vederlagsfritt. Bøkene er interessante, og er eit fint portrett av ein fotograf som framstår som dyktig, men fullstendig ujålete.

No er det mykje som ligg ute på nettet ein kan laste ned og ta i bruk. Ikkje alt ein kjem over er like interessant.

Gateteater
Gateteater

Bileta til Thomas Leuthard skil seg ut her. Dei er verkeleg interessante. Teknisk held dei høg kvalitet. Men teknisk briljans er i seg sjølv ikkje nok til å gjere eit bilete interessant. Det er komposisjon og innhald elles som tel. Her er leverer Thomas Leuthard så det held! Og alle er velkomponerte og inviterer på den måten betraktaren til å late auga gå på oppdagingsferd i dei. Og det er bra. Mange av bileta krev at ein nyttar tid på dei, for dei er svært innhaldsrike på meining. Einskilde fortel ei heil lita historie.

Eg har vald å illustrere denne vesle artikkelen med bilete eg sjølv har teke. Dette har eg gjort av fleire grunnar :

To på plenen
To på plenen
  • For det fyrste kan det vere greitt å slå fast at ein ikkje treng vere toppfotograf for å prøve seg på denne sjangeren.
  • For det andre synest eg det er greitt å få eit høve til å syne bilete eg elles ikkje syner så ofte.
  • For det tredje kan det vere greitt å spare godbitane til dei som tek seg bryet med å gå inn på heimesida til Thomas Leuthar og for å sjå på bileta hans.
160626_To_turistar
Noko spanande å sjå

Gatefotografi handlar i utgangspunktet om å fotografere folk og miljø – gjerne urbane miljø. Kvifor har eg då vald å illustrere artikkelen med eit naturbilete? Svaret er rett og slett at for meg handlar gatefotografering også om å sjå ein situasjon og respondere på han der og då. Vinden hadde ført dei to vassliljeblada saman slik dei er på biletet. Eg såg dei der og då, og foreviga dette. Om det ikkje er gatefotografering akkurat, så handlar det om same måten å fotografere på.

Ynskjer ein å sjå bileta i detalj, kan ein gjere det ved å peike og klikke på dei.

Amor i Firenze

Amor i Firenze

Thomas Leuthard – ein fotograf med delingskultur