Kjære alle saman :

Gratulerer så mykje med dagen! 17. mai er etter mi meining ein av dei viktigaste dagane i året. Her vil eg grunngje kvifor eg meiner det, og fortelje kvifor eg trur det er så viktig at vi tek godt vare på denne dagen og tradisjonane som er knytte til han. Eg vil også prøve å seie litt om kva som kan true tradisjonane våre, og korleis vi kan møte desse trugsmåla.

Fyrst litt om kvifor eg meiner denne dagen er så viktig. Eg vil illustrere dette med å fortelje ei lita historie. Ho er nokre år gamal, frå den tida då det fantest bankfilialar, og folk hadde sparepengane sine på bok.

Det kom ei eldre dame inn i banken. Ho hadde med seg tre bankbøker, og forlangte å få ut alle pengane som stod på dei. Det vart eit heilt arbeid for bankfunksjonæren å rekne renter og renters rente på alle bøkene, men etter ei stund kunne han leggje ein solid bunke pengesedlar og ei handfull myntar på skranken.

Dama tok opp pengebunken og studerte han. Så sa ho til bankfunksjonæren : «Tusen takk. No vil eg ha sett pengane inn att på bøkene.» Bankfunksjonæren gjorde store auge. «Skal du ikkje ha med deg pengane?» spurde han. «Nei,» svara ho. «Men kvifor ville du ta dei ut då,» ville bankfunksjonæren vite. «Eg ville berre sjå at dei verkeleg var der,» svara dama med eit smil.

«Eg ville berre sjå at dei verkeleg var der.» Dama ynskte å sjå at pengane hennar ikkje berre var tal i ei bok.  At dei faktisk var der om ho skulle treng dei. Eit slikt behov for å vite seg trygg trur eg er heilt vanleg og djupt menneskeleg.

Når vi feirar 17. mai, samlast vi og vert synlege for kvarandre. Vi syner  kvarandre at vi har eit ynskje om å vere ein del av den store fellesskapen. Vi er ein del av Noreg, og Noreg er ein del av oss. På 17. mai vel vi å møtast  i det offentlege rommet og framstå som ein del denne fellesskapen. For meg er dette den verkelege meininga med 17. mai. Grunnlovsfeiringa er påskuddet for å feire, bygginga og vedlikehaldet av fellesskapet er innhaldet i feiringa.

Har det då alltid vore slik at 17. mai har vore dagen for å feire fellesskapen? Er situasjonen i dag den at alle som vil, kan kjenne seg velkomen i fellesskapen vår ?

Eit kort attendeblikk fortel oss at slik har det ikkje vore. Paragraf 2 i den grunnlovsteksten som vart signert 17. mai 1814 slo fast at  «Jesuitter og Munkeordener maae ikke taales. Jøder ere fremdeles udelukkede fra Adgang til Riget.»

Jødane vart utestengde frå riket fram til 1851. Munkeordenar vart tillatne i 1897. Jesuittar fekk fyrst adgang til riket i 1956, i samband med at Noreg skulle ratifisere Den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Men heller ikkje alle etnisk norske var sett på som fullverdige delar av det norske fellesskapet. Det vi i dag reknar som Noreg sin fyrste nasjonalsong, var ei drikkevise, og den innleier med desse orda: «For Norge, Kjæmpers fødeland vi denne skaal vil tømme.» Det skal leggjast til at denne typen drikkeviser var nytta som høviske innslag i ei svært formell rekkje av skålar som vart drukke i høgtideleg lag, der ein drakk Kongen sin skål, Dronninga sin skål, Kongeriket sin skål og så bortetter.

Henrik Wergeland skreiv ein ny tekst til denne melodien. «Vi ere en nasjon vi med» er innleiingsorda i denne songen, og den kan oppfattast som ein slags dialog med biskop Johan Nordahl Brun sin tekst. Henrik Wergeland påpeika med rette at også borna og dei unge er ein del av  det norske fellesskapet, ja, at dei er framtida for landet.

Men når sant skal seiast, var heller ikkje Henrik Wergeland blant dei som inkluderte alle, for songen kalte han «Småguttenes nasjonalsang». Jentene tok han ikkje med i songen.

Der var systera hans, Camilla Collett, langt flinkare. I løpet av det fyrste hundreåret vi hadde ein grunnlov arbeidde ho og mange andre foregangskvinner for at kvinnene skulle få dei same borgarrettane som mennene hadde. Kvinnene fekk omsider stemmerett i 1913.

Då er vi vel i mål, då? No kan vi vel sjå oss rundt og slå fast at alle som vil, får vere med? Kan hende er dette ein hovudregel dei fleste stader. Men unntaka finnest.

Fan
Fanabunad.

I 2013 feira Aspøy barneskole i Ålesund sitt  90-årsjubileum, og skulle gå fyrst i 17. mai-toget. Skulen ynskte å markere at dei har mange elevar frå andre land, og at dei tilbyd morsmålundervisning  i 15 ulike språk. Elevane hadde laga eigne flagg, med det norske flagget på den eine sida og flagget til landet dei kom frå, på den andre. Dei ba 17. mai-komitéen i Ålesund om lov til å ha desse flagga med i prosesjonen.

Dette fekk dei etter kvart lov til, men saka hadde då vakt  stor debatt og mykje negativ merksemd, både lokalt og nasjonalt, og i ettertid kan ein slå fast at ikkje alle påstandane som vart framsette i samband med denne debatten var like sanne. Skitkasting var det mykje av. Det endte med at elevane nytta det vanlege norske flagget, og i staden hadde dei andre flagga montert på ei fane som dei bar med seg i toget.

Andre stader i landet hadde ein liknande diskusjonar same året. I Alta diskuterte ein om det var rett å bruke det samiske flagget i 17.mai-toget. Ein tilsvarande diskusjon hadde dei i Moss. I Moss endte det med at kommunen heiste – og heiser – det samiske flagget saman med det norske.

Eg synest flaggdiskusjonen er tragikomisk. For å ta det komiske fyrst : Nokre av oss er så til dei gradar imot at einskilde skal syne sine røter, samstundes som 17. mai  nettopp er ein dag der det vert så tydeleg kvar vi kjem frå :

Ser vi oss rundt, kan vi sjå folk gå med bunad. Det er eit flott syn. Bunadar er drakter som viser kvar dei som går med dei, har røtene sine. Spesielt i Hordaland har vi svært rike bunadstradisjonar. Ingen stad i landet er bunadsmangfaldet større enn i fylket vårt. Berre i vesle Masfjorden finnest det to hovudtypar kvinnebunad, og den eine typen har detaljar som er knytt til kvart av dei tre bygdelaga våre. Fire klårt definerte bunadsskikkar i ein kommune på ca 1700 menneske, det seier vel sitt.

Det tragiske er at ein brukar denne dagen som burde vere ei heilhjarta markering av felleskapen, til å skape skiljer. «Eg er etnisk norsk, og kan vise kvar eg kjem frå. Du er noko anna, og skal du vere med her i vår fellesskap, må du fint la symbol for kvar du kjem frå, liggje att heime.»

Prins Carl med sonen prins Alexander på armen er eit godt døme på vellukka integrering. Denne familien kom til landet vårt i 1905.
Prins Carl med sonen prins Alexander på armen er eit godt døme på vellukka integrering. Denne familien kom til landet vårt i 1905.

Vi lever i eit samfunn som vert meir og meir mangslunge med omsyn til kva bakgrunn vi har. Det er ei utvikling vi må vente kjem til å vare ved, og det vert då viktig at vi møter denne utviklinga på ein klok måte. Etter mi meining betyr det å innta ei inkluderande haldning til alle som vil vere med oss og markere vilje til å ta del i fellesskapen, uansett bakgrunn. Det er viljen til å delta i fellesskapen som må vere avgjerande.

Spørsmålet er kvifor vi ikkje er villige til å inkludere alle – eller rettare: Kvifor nokre ikkje er villige til det. Eit gjennomgåande argument for å vere restriktiv, er at å tillate framande kulturar å få innpass er å tillate angrep på «det norske». Norsk kultur må beskyttast mot utvatning og øydeleggjing.

Når ein høyrer på dette, kan ein lett kome til å tru at folk oppfattar omgrepet «norsk kultur» som noko statisk og uforandeleg. Men slik er det ikkje. Eg vil kome med nokre døme :

Fyrst vil eg fortelje om to spelemenn, Hilmar og Åge. Dei er i slekt. Hilmar er bror til Åge sin bestefar. Hilmar spelte fele. Pols, reinlender, masurka. Alt dette er namn på dansetypar han spelte. Til tross for at dansane hadde utanlandske namn og utanlandsk opphav, var dette med rette rekna for god norsk tradisjonsmusikk.

Musikken Åge spelar, kom til Noreg med stort oppstyr i 1956. Instrumentet han brukar  vart oppfunne i USA på 1930-talet. Det tok om lag 30 år før musikkstilen Åge spelar, vart ålment anerkjent som kultur. I dag er det vel neppe nokon som vil protestere på ein påstand om at Åge Aleksandersen er ein verdig representant for norsk musikkultur.

Kultur har alltid vore i endring, og norsk kultur er ikkje noko unntak. Tradisjonane kring hardingfela kan stå som eit  godt døme på korleis ein kultur kan utvikle seg over tid.

160516_Spelemann
Spelemannen Kjell Flatin er ein av mange berarar av den norske folkemusikktradisjonen.

Hardingfela er nasjonalinstrumentet vårt, og det kan godt vere at hardingfela vart oppfunnen av ein nordmann. Men det veit vi ikkje. Den eldste bevarte hardingfela, Jaastadfela, var bygd av lensmann Ole Jonsen Jaastad (1621 – 1694) i Ullensvang.  Isak Nilssen Botnen (1669-1759) og son hans Trond Isaksen Botnen Flatabø er to andre hardingar som er kjende som utviklarar av denne feletypen.

Men vi veit ikkje om hardingfela er ei genuint norsk oppfinning. Det vi derimot veit, er at det kom båtar frå Skottland og handla tømmer i Hardanger. Vi veit også at eit instrument som heiter viola d’amore var populært i Skottland på denne tida. Ein viola d’amore er ein fiolintype med understrenger slik hardingfela har, og det er nærliggjande å tru at dei fyrste hardingfelene kan ha vore laga med dette instrumentet som førebilete.

Akkurat det vil vere spekulasjonar. Det vi derimot kan vere sikre på, er at på bakgrunn av måten hardingfela er laga på, er det utvikla ein heilt særeigen norsk musikktradisjon som er ufatteleg rik. Slåttar for hardingfele er skapt i ulike lokale tradisjonar. Det er ikkje spesielt vanskeleg å høyre forskjell på ein halling og ein setesdalsgangar, på ein springar frå Nordfjord og ein springar frå Valdres. Det desse slåttane har felles, er måten dei er bygd opp på. Det som skil dei, er måten dei vert framført på.

Denne musikktradisjonen er særeige norsk. Og skulle det no vere at dei fyrste felene var laga med inspirasjon utanfrå, er det likevel eit faktum at norske spelemenn og –kvinner gjennom generasjonar har teke til seg og vidareutvikla denne musikken og gjort  han til ein del av vår norske identitet.

Eg trur dette er noko av det som kjenneteiknar kulturell utvikling : Vi gjev og får impulsar, og utviklar kulturen vår gjennom medskaping og nyskaping. Kulturen av i dag er annleis enn kulturen frå i går og vil truleg vere annleis enn kulturen for i morgon, og det skal vi vere takksame for.

Vi skal sjå på kvarandre som inspirasjonskjelder, og i den store fellesskapen må vi lage møteplassar for kulturell utveksling og utvikling. Vi må oppmuntre til mangfald.

Men det er ikkje det same som at vi kritikklaust skal seie at alt er like bra, for det meiner vi ikkje. Eg meiner at mine verdiar, mitt livsperspektiv, mine idéar er dei rette. Hadde eg meint at andre sine verdiar var betre enn mine, var det vel eigentleg dei andre sine verdiar som var mine. Eg trur det er naudsynt å verte utfordra på det ein står for. Det gjev meg eit høve til å setje ord på kva eg meiner – eg er ein varm tilhengar av uttrykket «Eg høyrer kva eg seier, så eg veit kva eg meiner.»  Det kan også vere at eg innser at det eg tidlegare meinte var rett, kan hende ikkje er det likevel. I begge tilfella er utfordringa nyttig for meg.

Å møte og måle verdiane sine med andre sine er soleis sunt, og eit mangslunge samfunn dermed ein ressurs. Det er få krav vi treng å stille til våre medmenneske – Kardemommeloven seier i grunnen det meste : «Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill – og for øvrig kan man gjøre hva man vil.» Vi treng ikkje alle vere like. Vi treng ikkje undertrykkje meiningar som skil seg frå våre. Og vi må tole å vere usamde. Toleranse er ikkje å seie at alt er like bra, men å halde ut ubehaget med å vere usamd.

Den beste måten å byggje opp ein fellesskap mellom menneske med ulik bakgrunn, er ikkje einsretting, eller forsøk på å underslå ulikskapane, men ved at kvar av oss oppfører seg som gjestar i kvarandre sine hus. Tenk litt på det, når jula nærmar seg og spørsmålet om elevar skal gå i kyrkja eller ikkje kjem opp att.

Men det er ei anna og like viktig utfordring vi står ovanfor: Vi lever i eit samfunn der «eg» er i ferd med å verte langt større enn «vi».

Eitt døme på dette : «Ikke betal for mye skatt. Sjekk din selvangivelse og prøv fradragsveilederen. Det kan du spare mye på. Sjekk selvangivelsen på 1-2-3» Dette er eit sitat frå informasjonen Skatteetaten har lagt ut på internett . Ikkje ein gong Skatteetaten trur at dei kan motivere oss til å betale rett skattebeløp. Dei motiverer oss til å sjekke skatten ved å antyde at dette er noko kvar einskild av oss kan tene på.  Truleg har Skatteetaten vald ein rett strategi.

Eit anna døme : Det vert sagt at frivillig arbeid er viktig og verdfullt. Vi som har drive litt med den slags, ser at det vert stadig vanskelegare å rekruttere folk til å stå i slikt arbeid. Folk har det for travelt, heiter det. Eg skal ikkje moralisere over dette. Eg har sjølv vore småbarnsforelder og kjent på tidsklemma. Eg veit noko om korleis lange arbeidsreiser tærar på tid og krefter.

Men ikkje alle har det like travelt. Og grunnen til at ein ikkje tek del i aktivitetar til beste for fellesskapen, er gjerne at ein er så oppteken med aktivitetar til eige beste. Sjølvrealisering er eit felles omgrep om den slags aktivitetar.

På sikt kan dette føre med seg at fellesskapskjenslene forvitrar. Det er ikkje sikkert at det gagnar den einskilde, men når ein oppdagar det, kan det gjerne vere for seint. Difor er det viktig at kvar og ein av oss tek oss litt tid til å tenkje over kva vi tenar på å prioritere eiga utvikling framfor fellesskapet, og kva vi står i fåre for å tape. Kanskje vi skal bruke litt av Skatteetaten sin motiveringsstrategi på desse spørsmåla også?

Det er ikkje berre omsynet til frivillig arbeid som vil tene på at vi vert flinkare til å tenkje at omsynet til fellesskapen kan vere like viktig som omsynet til oss sjølve. På ein dag som denne er det vanleg og heilt berettiga  å minnast dei som under siste verdskrig sette omsynet til fellesskapen fram for omsynet til seg sjølv. Dei er gode førebilete for oss i dag.

For sjølv om vi får håpe og tru at vi skal sleppe å kome i  ein tilsvarande situasjon som dei som sette eige liv på spel for å verne om fellesskapen, ser vi klårt konturane av tider der ein må gjennomføre tiltak som er naudsynte for fellesskapen, men kan opplevast ubehageleg for den einskilde.

Dette kan vere vanskeleg å få til. Politikarar som frontar ubehagelege tiltak, risikerer å ikkje verte attvalde. I sin ytterste konsekvens kan dette bety at demokratiet står i vegen for gjennomføring av naudsynte endringar. Eg er samd med Churchill som ein gong sa fylgjande : «Demokratiet er eit ufullkome styresett. Men det er det minst ufullkomne styresettet vi har.»  Spørsmålet er kva vi kan gjere for å setje demokratiet i stand til å handskast med dei utfordringane upopulære tiltak vil føre med seg.

For meg er eitt av svara heilt eintydig : Vi må arbeide for å snu trenden mot større og større vektlegging av «eg» på bekostning av «vi».

Eg trur vi har eit langt stykke å gå før vi kan seie at trenden er snudd. Men gå bør vi, og eg vil avslutte denne talen med eit lite dikt til oppmuntring på vegen. Diktet er skrive av ein av heltane mine, Olav H Hauge.

Gjer ein annan mann ei beine

Han kom or fjellet, skulde heim,
fekk føring ifrå Osa
ut til Øydvinstò.

Og han var raust
og baud betal.

Men Osamannen
var ikkje fal.

«Eg vil betala;
eg kan ikkje nå deg
med ei beine att.»

«So gjer ein annan mann ei beine då,»
sa Osamannen, og skauv ifrå.

 

 

Ein tale for 17. mai