Den 23. januar 2015 skreiv sosialmedisinar Per Fugelli ein tankevekkjande kronikk i Dagbladet om norske verdiar i ein integrasjonskontekst.

Kronikken, som ein kan finne ved å peike og klikke her, har tittelen «Verdisjekk» av muslimer?  og tek for seg korleis vi i samfunnet vårt held fram honnørord som universelle menneskerettar, ytringsfridom, likestilling og likeverd. Samstundes krev vi at folk som tenkjer ulikt oss sjølv skal ta til seg våre verdiar og agere i høve desse for å verte «fullverdige» medlemer av samfunnet vårt.

«Alle dyr er like, men noen dyr er likere enn andre.» Dette sitatet er henta frå romanen «Animal Farm» av den engelske forfattaren George Orwell. Setninga er eitt av svært få døme eg kjenner til på at ei omsetjing har vore betre formulert enn originalteksten. Takk til Sigrid Munthe Mossige ( 1905 – 1999 ) for den !

Då eg las Per Fugelli sin kronikk, kom eg til å tenkje på dette sitatet. Vi ynskjer å framstille samfunnet vårt som ope, varmt og tolerant. Men praksisen vår, som Per Fugelli i sin kronikk gjev oss nokre døme på, fortel at dette er ei litt ufullstendig framstilling. Det er «våre» verdiar som er best. Menneske med andre verdiar representerer ein fåre for verdiane våre. Difor må ytringane deira sanksjonerast. Difor vert dei sanksjonert.

Eg har andre stader på heimesida mi skrive om det å leve i eit fellesskap med folk som har andre meiningar og haldningar enn ein sjølv. Eg trur at dersom vi vil ta våre eigne honnørord på alvor, og bidra til at vi får eit samfunn prega av universelle menneskerettar, ytringsfridom, likestilling og likeverd, må vi vere innstilte på å leve saman med menneske som tenkjer annleis enn oss sjølve, og gjev uttrykk for det dei tenkjer.

Og vi må vere villige til å agere i tråd med dei verdiane vi hevdar at vi har. Ein gamal politikarhovding, Arbeidarpartiet sin gamle sluggar Torbjørn Berntsen har i ein kronikk i Dagbladet vore forbiletleg klår på det punktet – kronikken kan ein finne ved å peike og klikke her.

Det er ikkje til å underslå at vi både no og i tida som kjem vil verte  konfrontert med ein del synspunkt som utfordrar vår toleranseevne. Det er ikkje sikkert at det er så ille. Toleranse kan vere ein ressurs. Toleranse er ikkje å seie at alt er like bra. Toleranse er evnen til å tole usemje og ulikskap, og i neste runde eit godt verktøy for å kunne møte usemja på ein konstruktiv måte.

Biletet over er eit utsnitt av ei altertavle måla ev Hans Memling ( 1430 – 1494 ) som syner Dommedag. I midten ser vi erkeengelen Mikael ( Sole-Mikkel ) som veg sjelene, og sender nokre inn i varmen og andre ut i det endå varmare. Mer info om biletet kan ein finne ved å peike og klikke her

Kva mandat har vi til å agere som Sole-Mikkel ?

Einsretting eller meiningsmangfald ?