Advent tyder «kome» eller «ankomst». I adventstida rettar ein blikket framover. Men vi skal ikkje gløyme å ha syn for det som skjer rundt oss.

I dette diktet minnar lyrikaren Bente Bratlund oss om akkurat det.

eg skulle tenna eit lys i dag
for håp og glede
ser ut på sola og fjorden
og kjenner ei tyngd i kroppen
for alle som ikkje kjenner
håp og glede eller forventning
for alle som ikkje ser fram til
raude blide nissar og stjerner
for alle som ber mørke i seg
som kjempar mot frykt
og har einsemd som følgje
så skal eg kanskje likevel
tenna eit lys i dag
og løfta eit sterkt ønskje opp
om ei adventstid der vi ikkje
gløymer kvarandre vi som
deler denne jorda saman

Informasjon om biletet øvst på sida finn ein ved å peike og klikke her.

Andre fine dikt kan du finne via denne sida.

Eit adventsdikt til ettertanke