«Han vart krossfest, døydde og vart gravlagt. Stod opp att tredje dagen.»

Det var merkeleg nok gjennom å lese musikkhistorie at eg forstod korleis ei messe, slik vi kjenner henne frå dei fleste vestkyrkjene, er oppbygd. Grunnen er at mange komponistar har sett tonar til tekstane i dei ulike messedelane, og komponert og arrangert musikken slik at ein ofte fornemmar tankegangen bak tekstane.

Johann Sebastian Bach har med si Messe i h-moll levert eit av dei mest ruvande bidraga til denne tradisjonen.

Ein av messedelane er kalla Credo, og er rett og slett trusvedkjenninga. (Credo = «Eg trur») Bach har vald å dele opp trusvedkjenninga i mindre avsnitt, og tonesetje desse i tråd med tankane som vert borne fram i kvart avsnitt. I denne samanhengen skal vi dvele ved to av dei : «Crusifixus» (krossfest) og «Et ressurexit» (og oppstanden).

160317_Jesu_handLytt til stemninga i «Crusifixus». Tung, trist. Akkompagnementet er bygd opp av små melodimotiv med tonar som vert stadig mørkare. Til slutt er det som at musikken stoggar, tagnar, tyngd av sitt eige triste innhald.

160317_OppstodaUmiddelbart etterpå kjem «Et ressurexit». Kontrasten til stykket framfor kunne knapt vore større! Lyse, klingande trompetar, klåre syngjande røyster fortel til alle som vil høyre – og kven kan unngå det? : «Han er oppstanden!»

Ved å peike og klikke på biletet nedunder får du høyre h-mollmessa frå der «Crusifixus» tek til, og deretter «Et ressurexit». Og fleire satsar kjem deretter…

Musikken vert framført av det engelske Monteverdi Choir med solistar, akkompagnert av The English Baroque Soloists, under leiing av John Elliot Gardiner. Eit stjernelag, for å seie det mildt.

Annan påskemusikk finn du ved å manøvrere deg i feltet nedunder :

Biletet i toppfeltet og i vignettane i artikkelen er alle henta frå Isenheimaltaret, måla av Matthias Grünewald.

Eit utdrag frå Bach si h-mollmesse