Det har vore kjekt å dokumentere historia bak denne trøya.

Og kan hende aldri så lite naudsynt: For ei tid attende var det ei dame som på «Koftegruppen» ga uttrykk for at dette mønsteret like gjerne burde vore kalla Selbu-trøya som Sotra-trøya. Grunngjevinga var at mønsteret baserte seg på åttebladroser, som vedkomande tydelegvis meinte var noko unikt for mønstertradisjonar frå Selbu.

No var det ikkje så vanskeleg å påvise at åttebladroser har vore kjende og nytta på ulike måtar mange stader i verda lenge før dei fyrste selbuvottane såg dagsens lys. Men hendinga illustrerer noko viktig : At ein tradisjon vert kjend av mange kan påverke korleis ein ser på andre tradi

sjonar. Den mest kjende tradisjonen vert sett på som den «opprinnelege».

Nettopp difor er det viktig at dei små og mindre kjende tradisjonane også kan verte løfta fram og synleggjort. Slik eg har forsøkt å gjere gjennom å fortelje om mønsteret på trøya til oldefar.

Dette mønsteret er kjent som Fjell-jakka.
Dette mønsteret er kjent som Fjell-jakka. Jakka er strikka av Gudrun Storesund (1902_1977).

Og for å understreke at mønsteret eg har skrive om, er ein del av ein rik tradisjon, har eg vald å syne bilete av eit par andre trøyer. Ved å peike og klikke på bileta kan ein sjå dei i ein noko større versjon.

Biletet til høgre over syner ei trøye med ei utgåve av det mønsteret som ofte vert kalla Fjell-jakka, og som truleg var ein av dei mest utbreidde versjonane av mønstra i denne tradisjonen. Trøya er strikka av mormor mi, Gudrun Storesund. Ho skil seg ein del frå dei øvrige trøyene frå vår familie, mellom anna ved at brota på erme og bol er strikka med rett- og vrangstrikk, og ved at ho har ein v-forma halsopning. Men dermed vert ho eit godt døme på at dette er ein rik og variert tradisjon.

Jakke med Fjell-mønster, strikka av Jenny Pauline Slåttøy.

Jakka som er avbilda attmed, er på mange måtar eit godt døme på dette med variasjonsrikdom. Brota er ikkje ulike dei på jakka etter mormor. Men halslinninga og stolpane er annleis. Stjernemotivet er heller ikkje heilt likt, og fargebruken er ein heilt annan. Denne jakka er strikka av Jenny Pauline Slåttøy, og biletet er attgitt etter avtale med henne.

Til no er det lagt ut bilete av totalt sytten ulike stjernetrøyer på  heimesida mi. At tradisjonen med stjernetrøyer ikkje er stivna, men gjenstand for stadig medskaping, skulle soleis vere rimeleg godt dokumentert. Eg trur det er grunn til å hevde at dette er ein høgst levande tradisjon. Difor har eg lyst til å avslutte denne vesle artikkelserien med eit døme på at tradisjonen framleis inviterer til nyskaping – om ein då kan kalle det nyskaping når mønsteret er meir enn femti år gamalt :

Stjernetrøye, strikka ( og med mønster? ) av Ruth Garmann.
Stjernetrøye, strikka ( og med mønster? ) av Ruth Garmann.

Trøya som det er bilete av til høgre, er strikka av mor mi, Ruth Garmann. Den har det same mønsteret som på far min si jakke frå 1963. Eg veit ikkje kvar mor mi hadde dette mønsteret frå, men eg kan ikkje minnast at eg har sett andre trøyer enn desse to med dette mønsteret. Med tanke på at ho dreiv og teikna eitt og anna strikkemønsteret sjølv, ser eg ikkje vekk frå at det faktisk kan vere ho som har laga det. Men dette veit eg ikkje sikkert.

Det som står fast, er at dette mønsteret står trygt innanfor tradisjonen knytt til framstilling av stjernetrøyer på Sotra.

<< Forrige side : Trøyegalleriet Til innleiinga >>

 

Epilog