Det vert hevda at det å hjelpe folk her i landet er lite kostnadseffektivt samanlikna med å hjelpe dei «der dei kjem frå». Stemmer det ?

Sannsynlegvis er svaret ja – dersom ein legg til grunn kva det kostar å oppbevare  ein person ein stad, og gi vedkomande eit tilbod om mat, klede, husrom og medisinske tenester, og ikkje er altfor kresen på standarden på det tilbodet som er gitt.

Eg konstaterer at vi i Sylvi Listhaug har fått ein «inkluderingsminister» som ser ut til å vere lite kresen på andre menneske sine vegner – jfr. oppslag i Dagsrevyen 14. januar 2016. Ho ga der uttrykk for at ho var svært nøgd med det ho såg av tilbod til syriske flyktningar i tyrkiske flyktningeleirar. Syriske flyktningar som vart intervjua, hadde eit litt anna syn på sakene.

Men legg ein til grunn at dette er menneske som har eit potensiale til å yte i det lokalmiljøet dei er i, er det rimeleg å tru at dette potensialet betre kan nyttast dersom ein person er ein del av eit ordinært lokalsamfunn enn om vedkomande er plassert i ein flyktningeleir. På sikt er det difor ikkje sikkert at dette reknestykket er så eintydig som ein lett kan kome til å tru.

Konklusjonen vert kan hende at det å ta imot nokre ikkje må hindre oss i å bidra til å hjelpe fleire i deira nærområde, og at det å hjelpe folk «der dei er» ikkje skal hindre oss i å ta imot ein del av dei som treng å kome hit.

Det kan då ikkje vere slik at vår manglande evne til å gjere det beste for alle skal hindre oss i å gjere det beste for nokon ?

Biletet på toppen av sida : Det skulle kanskje vore 30 sølvmyntar her. Men det er amerikanske 1 cent-myntar. Biletet er teke av Roman Oleinik og publisert i tråd med retningslinene i CC 2.0 . 

<< Står kulturen vår i fare ? Korleis handsamar vi situasjonen vi står oppe i ? >>

 

Er det meir kostnadseffektivt å hjelpe folk «der dei er» ?