Norske strikketradisjonar i svenske hender

Det er fleire grunnar til at Eva-Lotta Staffas vert nemnd særskilt her :

Eva-Lotta_StaffasHo har på bakgrunn av eit fotografi av trøya mi rekonstruert hovudmønster og bordar, og på bakgrunn av dette skapt ei trøye som heilt klårt ligg innanfor tradisjonen mønsteret har sprunge ut frå. Samstundes har ho tilført trøya sine eigne personlege detaljar, så som utforming av knappelist og halslinning. Resultatet er blitt ei trøye som er ein veldig flott representant for denne strikketradisjonen.

Ho har dokumentert arbeidet sitt gjennom fleire illustrerte innlegg på Koftegruppen.no sin blogg og på sin eigen blogg «Tålamodspåsen», og tålmodig svart på mange spørsmål frå andre strikkeinteresserte. Dette er delingskultur på sitt beste.

Ho har tydelegvis skapt stor interesse for trøya – nesten 1200 likes og om lag 150 kommentarar til innlegget ho skreiv om den ferdige trøya på Koftegruppen er ein god indikator på det.

Og eg har også lyst til å leggje til at ho heile tida har vore flink til å referere til utgangspunktet for arbeidet – ho har vore tydeleg på at dette er inga «Eva-Lotta-trøye», men ei trøye inspirert av trøyer frå Sotra. Ho syner respekt for tradisjonen, og fortener respekt for det.

 

<< Forrige side : Du store verda! Neste side : Nye trøyer>>

 

08 – Eva-Lotta Staffas