«Potet-etarane», litografi av Vincent van Gogh

Påsken er ei viktig høgtid, både i jødisk religion og i kristen religion. Mykje av tankegodset knytt til påsken stammar frå jødedom og kristendom. Men ser ein nøyare etter, er det ikkje vanskeleg å få auge på eitt og anna innslag som korkje har jødisk eller kristent opphav. Påsken er nok meir multikulturell enn mange er merksame på.

Eg har ein ambisjon om å prøve å lage ein serie med artiklar som skal gi eit lite innblikk i litt av dei tradisjonane og det tankegodset som er knytt til påsken og til fastetida – om lag på same måten som eg har gjort det med julekalenderen min.

No reknar eg ikkje med å klare det på eitt år. Men eg har i alle fall tenkt å begynne så smått, og så får vi sjå kva som etter kvart kjem ut av dette.

Etter kvart som artiklane vert ferdige, vil det kome peikarar til dei nedunder.

Artiklar knytt til fasten kjem her :

Fann ingen innlegg.

Artiklar knytt til påsken kjem her :

Fann ingen innlegg.

Biletet ein ser eit utsnitt av på toppen av sida, er måla av Vincent van Gogh, og vert kalla «Potet-etarane». Meir informasjon om dette biletet kan ein få ved å peike og klikke her. Illustrasjonen i artikkelen er ei litografisk attgjeving av motivet. Også litografiet er gjort av van Gogh. Eg synest at desse menneska som deler eit enkelt måltid på ein vakker måte illustrerer det som eg oppfattar som litt av kjernen i tankegodset for fastetida.