Den 9. oktober skreiv Bergens Tidende om arbeidet med å få finansiert ei bru over Masfjorden. Same dag sende eg eit  tilsvar til avisa. Ut over ei automatisk kvittering på at tilsvaret var motteke, har avisa vore taus. Her er innlegget :

Bilete av BT sitt tosiders oppslag

I BT den 9. oktober kan ein lese om prosjektet med å få finansiert bru over Masfjorden. Journalisten formulerer dette slik : «Over 30 år er gått siden de første planene om bro over det 700 meter brede sundet ble lansert. Fortsatt går kabelfergen jevnt og trutt, men nå har ordføreren endelig begynt å tro på luftslottet.» Saka politikarar i Masfjorden har arbeidd med i tretti år, vert av journalisten karakterisert som «luftslottet». Er det på sin plass å etterlyse i det minste eit snev av respekt for saka det gjeld og dei som har arbeidd med henne?

Det er rett som avisa påpeiker, at «Lokalt virker det å være stor stemning for å få realisert sambandet.» Ein kan lure på korleis det kan ha seg, når trafikken over fjorden er så liten som det vert framstilt. Men avisa har tydelegvis ikkje funne det verdt å sjå nærare på det. I staden har dei funne fram til to personar – bergensarar, i fylgje avisa – som er kritiske til prosjektet.

Grunnen er at ei bygging av det eine brutårnet vil gå ut over dei to fritidsbustadane deira. Ein kan forstå dei når dei seier at det i så fall er trist. Og ein skal ikkje kritisere dei for å nytte sjansen når dei får høve til å nytte «Vestlandets storavis» som mikrofonstativ for innvendingane sine. Det er kan hende også relevant at den eine hytta har vore i familien si eige sidan 1960-talet. I så fall burde ein kan hende ta tilsvarande omsyn når ein vurderer kva dei meiner som har eigedomar i kommunen som har vore i familien si eige frå 1700-talet, og gjerne før…

Men når den eine av hytteeigarane vert referert med synspunkt om kva fylgjer ei bru kan ha for utviklinga i kommunen, utan at andre argument i det heile teke vert nemnde, så er eg usikker på om dette er utslag av dårleg journalistikk, eller om ordet journalistikk kan hende er å ta for hardt i. Det er nemleg ikkje lenger sidan enn i mai 2017 at eit samrøystes Masfjorden og Gulen næringsråd sende fylkesutvalet i Hordaland ein grunngjeven uttale om saka. Brevet er ope tilgjengeleg på nettet. Eg brukte mindre enn eit halvt minutt på å finne fram til innhaldet i det.

Men dette skal i alle fall avisa ha : Det er stort samsvar mellom presisjonsnivået i artikkelen og hovudillustrasjonen. I fylgje biletteksten syner fotografiet ordførar Karstein Totland. Ikkje ein gong han klarte avisa å ha i fokus.

Biletet over syner ein ung familie i ferd med å krysse fjorden på ein måte brumotstandarane truleg kan akseptere.

Feil fokus, BT!