Eg har så smått begynt å leggje ut omtalar av ein del CD-ar eg set spesiell pris på. Men det går ikkje fort.

Difor er det kjekt å kunne syne til andre som er langt flittigare enn meg, og som eg synest skriv godt om CD-ar dei har høyrt på.

Ein av desse er Grego Applegate Edwards. Han lever i New York – og for musikk – og held liv i tre ulike bloggar, alle med CD-omtalar. Den bloggen eg har sett mest på, heiter Gapplegate Classical-Modern Music Review. Klikk på namnet, så kjem du dit.

Dei fleste omtalane i denne bloggen er av det ein kan kalle moderne, klassisk musikk. Det vil seie musikk frå 20. og 21. hundreåret. Men einskilde unntak finnest.

Det er to ting eg likar godt med denne bloggen :
For det fyrste skriv Grego berre om innspelingar han i utgangspunktet likar. Det er eit prinsipp eg deler.
For det andre omtalar Grego interessante innspelingar på platemerke som gjerne ikkje er så godt kjende i Europa. Det gjer at han kan vere ein god los til musikk ein elles gjerne ikkje ville visst om.

Etter at eg fann bloggen til Grego har eg lese stadig fleire av kritikkane hans, og deretter gått inn på Spotify og høyrt musikken der. Eg har oppdaga musikk eg ikkje ante at eg ikkje visste om. Det er eg Gregor svært takksam for.

Det kan med andre ord vere lurt å ta ein titt innom denne bloggen ein gong i blant.

Fleire syn på sakene